Sankt Gotthard-passet

(Omdirigert frå St. Gotthard-passet)

Sankt Gotthard-passet er ein fjellovergang, 2 108 meter over havet, over hovudkammen til Alpane. Overgangen ligg straks sør for grensa mellom dei to kantonane Uri og Ticino i Sveits. Under passet går ein 15 km lang jarnbanetunnel, bygt 1882, og ein vegtunnel. Vegtunnelen stod ferdig i 1980 og har redusert mykje rolla til fjellvegen. Ein 57 km lang jarnbanetunnel stod ferdig i 2016.

Gamlevegen opp Val Tremola til Gotthardpasset, på sørsida av passet

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sankt Gotthard-passet