Alpehovudkammen er ei tenkt linje over huvudvass- og vêrskiljet i Alpane.

Alpehovudkammen i Hohe Tauern ved Fuscherkarkopf
Hovudkammen og andre viktige vasskilje i Alpane

Med unntak av Val Cadlimo som høyrer til Rhinen sitt nedslagsfelt, vatnar områda sør for hovudkammen Po og – via DravaDonau. På nordsida finn ein nedslagsfelta til Rhône, Rhinen og jamvel Donau. Den vestlege delen utgjer dermed det europeiske hovudvasskiljet mellom Atlanterhavet/Austersjøen og Middelhavet/Svartehavet.

Frå sørvest strekkjer Alpehuvudkammen seg frå passet Colle di Cadibona over dei liguriske og maritime Alpane. Vidare over den fransk-italienske grensa med dei cottiske og graiiske Alpane til Mont Blanc. Deretter Store St. Bernhard-passet - Matterhorn. Frå Monte Rosa til Simplonpasset. Over Nufenenpasset til St. Gotthard-passet, Rheinwaldhorn - Splügenpasset - Malojapasset - Piz Bernina - Fuornpasset - Reschenpasset. Grensa mellom Tirol og Sør-Tirol over Ötztaleralpane (Weißkugel) og Timmelsjoch i Stubaieralpane - Brennerpasset - Zillertal-Alpane til Dreiherrnspitze i Hohe Tauern (grensa Salzburg-austtirol) - Niedere Tauern - Schoberpasset - Eisenerz sin hovudkam - Präbichl -Hochschwab - Seeberg - Hohe Veitsch - Niederalpl - Lahnsattel - Göller - Kalte Kuchl - Unterberg - Gerichtsberg - Schöpfl -Hermannskogel.

Kjelder endre