St. Jonsfjorden
St. Jonsfjorden er ein fjord på vestkysten av Spitsbergen på Svalbard. Han munnar ut i Forlandsundet mellom øya Prins Karls Forland og området Oscar II Land på Spitsbergen. Fjorden er 24 km lang, og frå to til fem km brei.
Det ligg mange brear langs fjorden, den største er Osbornebreen.
Fjorden har namn etter apostelen Johannes, og kjend som sankt Jon.
Kjelde
endre- Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).
- The Place-names of Svalbard Norsk polarinstitutt 1942/2001 ISBN 82-90307-82-9