St. Olav forlag

(Omdirigert frå St. Olav Forlag)

St. Olav forlag er eit norsk romersk-katolsk forlag, eigd av Oslo katolske bispedømme. Forlaget gir ut bøker om katolsk tru, spiritualitet, teologi og liturgi. Alle utgjevingane må førehandsgodkjennast av det katolske redaksjonsrådet og av den katolske biskopen i Oslo.

Forlaget vart skipa i 1889 av biskop Johannes Fallize som eit framhald av ei allereie eksisterande katolsk publiseringsverksemd med røter attende til 1846, tre år etter at den romersk-katolske kyrkja blei tillaten i Noreg igjen. St. Olavs forlag er med dette eit av dei eldste forlaga i Noreg. Forlaget er medlem av Den norske Forleggerforening og Norsk Forleggersamband, og har tilhald i Akersvegen 5 i Oslo. Tidlegare, i ei tid fram til 1. juli 2009, har forlaget vore drive av det dåverande sjølvstendige Solum Forlag A/S på Skøyen i Oslo.

Bøkene vert distribuert gjennom bokdistribueringsverksemda Sentraldistribusjon.

Bakgrunnsstoff endre