Stabbfjorden

fjord i Meløy, Nordland

66°55′37″N 13°17′16″E / 66.92694°N 13.28778°E / 66.92694; 13.28778 Stabbfjorden er ein fjord i Meløy kommune i Nordland. Fjorden ligg mellom øygruppene Rørstabben eller Rørstabbvær i nordvest og Støtt eller Støttvær i søraust. Av øyar i Støtt finn ein Svenningen og Måøya mot fjorden. Han har ei lengd på om lag 9 km frå sørvest til nordaust.

Vest før Rørstabben ligg Grønfjorden, medan Ternholmfjorden ligg i sør. Søraust for Støtt ligg Støttafjorden.