Ternholmfjorden
fjord i Meløy, Nordland
66°53′17″N 13°06′59″E / 66.88806°N 13.11639°E Ternholmfjorden er ein fjord i Meløy kommune i Nordland. Fjorden ligg sør for Ternholman og Kalsholmen fyr og strekkjer seg om lag 20 km austover til Gåsværet og Støtt.
I sør grensar fjorden mot Finnskjerværet, Varkgård og Flatværet. Nord for Ternholman ligg Grønfjorden, medan Stabbfjorden går nordaustover på vestsida av Støtt. I aust går Ternholmfjorden over i Støttafjorden mellom Støtt og Gåsværet og Gåsværfjorden på sørsida av Gåsværet.