Stafett er ein konkurranse særleg i friidrett, symjing, orientering, langrenn på ski, kombinert på ski eller skiskyting. Distansen som det skal konkurrast på er delt inn i etappar for kvart av medlemane på eit lag, og den neste etappen kan ikkje påbyrjast før etappen før er fullført. Overgangen mellom dei ulike etappane har nemninga veksling, og markerast anten ved at det vert overrekt ein pinne, stafettpinnen, eller på anna klart fysisk vis. Siste etappen vert ofte kalla sjarmøretappen, men sjarmen ved etappen er gjerne avhengig av kor godt laget har gjort det i stafetten.

Veksling i ein stafett i symjing