Stalaktitt (frå gresk Σταλακτίτης, stalaktites, «drypande») er ein omgrep som syner til ein særskild type dryppstein, som kan finnast i kalksteinsgrotter. Dei blir danna ved at kvar enkelt dråpe avset ein forsvinnande lita mengd kalkspatt, variasjon i vassgjennomstrøyming og luftgjennomstrøyming avgjer form og kor sakte dei veks. Er vatnet til dømes òg jarnhaldig kan det gje rustgul farge.

Stalaktitt frå Soreq-grotta i Israel.

Ein stalaktitt er ein tapp som veks eller har vakse nedover frå taket, i motsetnad til ein stalagmitt som veks oppover frå golvet. Er stalaktitten større ein stalakmitten er det gjerne mindre rask vassgjennomstrøyming, og meir av kalkspatten rekkjer å bli avsett i stalaktitten, enn ved raskare vassgjennomstrømyming der stalakmitten, på golvet av grotta, veks raskast.

Kjelder endre