Ivano-Frankivsk

(Omdirigert frå Stanisławów)

Ivano-Frankivsk (ukrainsk Івано-Франківськ; tidlegare Stanyslaviv,[2] Stanislau eller Stanisławów) er ein historisk by i Vest-Ukraina.[3] Han er administrasjonssenter i Ivano-Frankivsk oblast (provins).

Ivano-Frankivsk
Івано-Франківськ
by
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Ivano-Frankivsk oblast
Del av Ivano-Frankivsk Raion
Høgd 244 moh.
Koordinatar 48°55′0″N 24°43′0″E / 48.91667°N 24.71667°E / 48.91667; 24.71667
Areal 151,73 km²
Folketal 218 359  (2001)
 - storby 240 768
Folketettleik 1 439 / km²
Grunnlagd 1650
 •  Byrettar 1662
Borgarmeister Ruslan Martsinkiv[1]
Postnummer 76000
Retningsnummer +380 342
Kart
Ivano-Frankivsk
48°55′22″N 24°42′38″E / 48.922777777778°N 24.710555555556°E / 48.922777777778; 24.710555555556
Kart som viser Ivano-Frankivsk.
Kart som viser Ivano-Frankivsk.
Kart som viser Ivano-Frankivsk.
Wikimedia Commons: Ivano-Frankivsk
Nettstad: www.mvk.if.ua

Han vart bygd på midten av 1600-talet som ei privat festning for Potocki-familien, og med delinga av Polen i 1772 gjekk han til Det austerrikske imperiet. Det var i denne perioden festninga vart omgjort til ein av dei viktigaste byane i lågberga ved Karpatane. Etter første verdskrigen var han ei kort stund mellombels hovudstad i Den vestukrainske folkerepublikken, før Stanisławów vart ein del av Den andre polske republikken. I byrjinga av andre verdskrigen vart byen «frigjort» av sovjetiske styrkar før Nazi-Tyskland okkuperte byen. Med frigjeringa av Ukraina i 1944 vart byen ein del av Sovjetunionen dei neste 45 åra. Nokre år før oppløysinga av Sovjetunionen vart det blågule flagget reist i byen som eit symbol på det sjølvstendige Ukraina.

I dag er det spor etter fleire kulturar i Ivano-Frankivsk, med eit polsk rådhus, eit austerriksk forretningssenter og sovjetiske bustadblokker.

Byen ligg i Karpatane nordaust i fjellkjeda, kring 120 meter over havet. Dei nærmaste byane er Tysmenytsia som ligg mindre enn 10 km mot aust, Tlumatsj i aust, Nadvirna i sør, Kalusj i vest og Halytsj i nord.

Kjelder

endre
  1. Greeting. The official site of the city of Ivano-Frankivsk
  2. The Sad End of the Orange Revolution, Der Spiegel (14 januar 2010)
  3. «The City of Ivano-Frankivsk». sbedif.if.ua. Arkivert frå originalen 23. desember 2012. Henta 15. september 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre
  • mvk.if.ua – Offisiell side for Ivano-Frankivsk