Austerrike-Ungarn
Austerrike-Ungarn (Tysk: Österreich-Ungarn, Ungarsk: Osztrák-Magyar Monarchia) var eit statssamband mellom 1867 –1918. Austerrike-Ungarn er òg kjend som dobbeltmonarkiet, donaumonarkiet eller som Kaiserliche und Königliche Monarchie, 'det keisarlege og kongelege monarkiet'. Dobbeltmonarkiet var ei overordna statsdanning der Kongedømet Ungarn hadde sjølvstyre og representasjon i sams saker. Landområda i vest og nord utgjorde Keisarriket Austerrike under dei Austerrikske keisarane av fyrstehuset Habsburg. Keisarane hadde òg tittel av konge av Ungarn. Sambandet hadde det fulle namnet «Kongedøma og land representert i keisarrådet og landa til den heilage ungarske Stefanskrona».
Land i Austerrike Ungarn
endre- Kongedømet Böhmen, med Prag som hovudstad
- Kongedømet Dalmatia, med Zadar som hovudstad
- Kongedømet Galicia og Lodomeria, med Lemberg som hovudstad
- Erkehertugdømet Øvre Austerrike, med Linz som hovudstad
- Erkehertugdømet Nedre Austerrike, med Wien som hovudstad
- Hertugdømet Bukowina, med Czernowitz som hovudstad
- Hertugdømet Kärnten, med Klagenfurt som hovudstad
- Hertugdømet Krain, med Laibach som hovudstad
- Hertugdømet Salzburg, med Salzburg som hovudstad
- Hertugdømet Schlesien, med Troppau som hovudstad
- Hertugdømet Steiermark, med Graz som hovudstad
- Markgrevdømet Mähren, med Brünn som hovudstad
- Fyrstegrevskapet Tyrol (inkludert Vorarlberg), med Innsbruck som hovudstad
- Küstenland («kystlandet», inkludert fyrstegrevskapa Gorizia og Gradisca, byen Triest markgrevdømet Istria). Triest (Trieste) var hovudstad.
- Kongedømet Ungarn- inkludert Transylvania og Vojvodina
- Kongedømet Kroatia og Slawonien (Slavonia)
- Byen Fiume med tilgrensande område.
Bosnia og Herzegovina var ein eigen del av keisarriket, administrert i samarbeid mellom Austerrike og Ungarn.