Stanisław Grędziński

Stanisław Grędziński (fødd 19. oktober 1945) er ein polsk tidlegare friidrettsutøvar frå landsbyen Ostrzyca i Krasnystaw fylke, som vart europameister på 400 meter og i 4 x 400 m stafett i 1966.

Stanisław Grędziński

Statsborgarskap Polen
Fødd 19. oktober 1945
Ostrzyca, Lublin Voivodeship
Død

19. januar 2022 (76 år)

Yrke sprintar, friidrettsutøvar
Språk polsk
Høgd 178 centimeter

Aktiv endre

Grędziński overraska med å vinne 400 m under EM i friidrett 1966 i Budapest. Han sette personleg rekord med 46,0 og viste den største favoritten, landsmannen Andrzej Badeński til andreplass, to tidels sekund bak. Tre dagar seinare var dei to saman om gje Polen sitt lag i 4 x 400 m stafett sigeren; etter at Jan Werner, Edmund Borowski og Grędziński hadde gjort unna dei fyrste etappane, sprang Badeński inn til ny meisterskaprekord på tida 3.04,5, med Vest-Tyskland 0,3 sekund bakom.

Grędziński var med i OL-troppa til Sommar-OL 1968 i Mexico-byen. Han vart vraka til 400-meterstevlinga, men sprang ein av etappane i 4 x 400 m stafett, der Polen enda på fjerdeplassen.

Under EM i friidrett 1969 i Aten kjempa Grędziński hardt for å forsvare EM-tittelen på 400 meter og kom i mål til personleg rekord på 45,83 sekundar. Med det hamna han på bronseplassen, høvesvis to og seks hundredels sekund bak sølv- og gullvinnar. Landsmannen Jan Werner vann løpet. I 4 x 400 m stafett var dei to og lagkameratane deira tre hundredels sekund for seint ute til å vinne bronse.

Kjelder endre