Stans
Stans er hovudstaden i kantonen Nidwalden (Nidwald) i Sveits. Kommunen har 7 961 innbyggjarar (2010) og eit areal på 11 km². Kommunesenteret ligg 452 meter over havet.
Stans | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Nidwalden | ||
Distrikt | ingen | ||
Språk | tysk | ||
Borgarmeister | Beatrice Richard-Ruf | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
11,08 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
7 961 718,5 /km² | ||
Koordinatar | 46°57′0″N 8°21′0″E / 46.95000°N 8.35000°E | ||
Høgd over havet | 452 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 6370 | ||
Nettstad: www.stans.ch |
Geografi
endreStans ligg mellom fjella Stanserhorn og Buochserhorn og ved foten av Bürgenstock. Nabokommunar er Ennetmoos og Stansstad i vest, Oberdorf, Ennetbürgen og Buochs i aust og Dallenwil i sør.
43,7% av totalarealet er jordbruksland. 36,5% er dekt av skog og skoglandskap, medan 17,2% er bebygd.
Næringsliv
endre61% av innbyggarane er sysselsett i tenesteytande næringar, 37% i industriverksemd og 2% i landbrukssektoren.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stans» frå Wikipedia på tysk, den 6. august 2011.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad (tysk)
- Stanserhorn