Starodub
- For den tidlegare byen i Vladimir oblast, sjå Starodub-na-Kljazme
Starodub (russisk Староду́б, tyder 'gammal eik') er ein by i Brjansk oblast i Russland med om lag 18 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Babinets i nedslagsfeltet til Dnepr, rundt 140 km sørvest for Brjansk.
Starodub Стародуб | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Brjansk oblast | ||
Grunnlagd Bystatus |
1080 1781 | ||
Geografi | |||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
18 399 | ||
Koordinatar | 52°35′00″N 32°46′00″E / 52.58333°N 32.76667°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Retningsnummer (tlf) | +7 48348 |
Historie
endreStarodub har vore kjend sidan 1000-talet, då han var ein del av Severia. Han vart brend ned til grunnen av mongolane på 1200-talet. På 1300-talet hamna byen under Storhertugdømet Litauen og seinare under Polen. Mellom 1503–1618 var Starodub ein del av Storfyrstedømet Moskva og så under Polen igjen til 1648. Under Khmelnytskyj-oppstanden vart byen senter for Starodub kosakkregiment og hadde ein stor grad av sjølvstyre mellom 1666 og 1686.
Starodub vart verande ein del av det sjølvstyrte Kosakk-hetmanatet til 1781, då han vart ein distriktsby. I 1796 vart Starodub innlemma i Tsjernigov gubernija. I 1917–1918 var byen okkupert av tyske styrkar. Sovjetisk autoritet vart gjenoppretta i november 1918.
Under Sovjetperioden var Starodub ein del av Homel-provinsen (1919–1926), Brjansk-provinsen (1926–1929), Vestre oblast (1929–1938) og Orjol oblast (1938–1944). Byen vart igjen okkupert av tyske styrkar mellom august 1941 og 22.september 1943. Starodub vart endeleg ein del av Brjansk oblast i 1944.
Attraksjonar og fortidsminne
endreSom eit viktig senter for Kosakk-hetmanatet er Starodub den einaste staden i Russland der ein kan sjå autentiske døme på ukrainsk barokk. Kristi fødsels katedral, bygt i 1617 og restaurert etter ein brann i 1677, er eit typisk døme på kosakkbarokk. Openbaringskyrkja går tilbake til 1789, medan Nikolaikyrkja vart oppført i nyklassisk stil i 1802.
Bakgrunnsstoff
endre- Nettstad om Starodub (russisk)
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Starodub» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2009.