Start Point i Devon

Start Point er eit nes i distriktet South Hams, og eit av dei sørlegaste punkta i Devon i England. Det markerer den sørlege enden av Start Bay, som strekkjer seg nordover til munningen til elva River Dart.

Start Point i Devon
nes
Land  England
Kart
Start Point i Devon
50°13′17″N 3°38′19″W / 50.2214°N 3.63863°W / 50.2214; -3.63863
Wikimedia Commons: Start Point

Bergartane på neset er grønskifer og glimmerskifer, forma av metamorfose av sediment frå devontida.

Då det var mange skipsforlis i området, vart Start Point fyr bygd i 1836 for å varsle skip i området om farane ved neset og dei omliggande klippene. Fyret og fuglelivet her gjer at mange vitjar staden.

Namnet Start kjem frå det gammalengelske ordet steort, som tyder «høg».

Kjelder

endre

50°13′17″N 3°38′19″W / 50.22144°N 3.63863°W / 50.22144; -3.63863