Statens nærings- og distriktsutviklingsfond
Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) blei oppretta i 1993 gjennom samanslåing av Distriktenes utbyggingsfond, Industribanken, Industrifondet og Småbedriftsfondet. Etter kvart gjekk også Statens lånekasse for aviser, Statens Fiskarbank og Statens Landbruksbank inn i fondet. Frå og med 2004 har det vore ein del av Innovasjon Norge.