Innovasjon Norge
Innovasjon Norge er eit statleg norsk særlovselskap stifta i 2003 med føremål om å auka innovasjon i næringslivet over heile landet, bidra til å utvikla distrikta og profilera norsk næringsliv og Noreg som reisemål. Innovasjon Norge blei danna ved ei samanslåing av dei tidlegare organisasjonane Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND), Norges Eksportråd, Norges Turistråd og Statens veiledningskontor for oppfinnere (SVO). Selskapet starta verksemda si 1. januar 2004.
Innovasjon Norge | |
![]() | |
Selskapsform | særlovselskap ![]() |
---|---|
Org.nr. | 986 399 445 |
Skipa | 19. desember 2003 |
Bransje | nasjonal utviklingsbank |
Land | Noreg ![]() |
Hovudkontor | Akersgata ![]() |
Frå januar 2010 blei fylkeskommunane deleigarar av Innovasjon Norge. Administrerande direktør for selskapet er Håkon Haugli. Styreleiar er Gunnar Bovim.[1]
KjelderEndra
- ↑ Furberg, Kristoffer (3. mai 2018). «Bovim valgt som ny styreleder». universitetsavisa.no (norsk bokmål). Arkivert frå originalen 2018-05-04. Henta 3. mai 2018. Parameteren
|access-date=
er ikkje støtta av malen. (hjelp)
- Denne artikkelen bygger på «Innovasjon Norge» frå Wikipedia på bokmål, den 14. mai 2020.