Statsborgeren. En tidende for Norges vel var eit norsk tidsskrift som kom ut i Christiania i tida 1831-37.

Forsida av Statsborgeren 3. juli 1831.

Tidsskriftet vart starta av Peder Pedersen Soelvold i 1831, som eit opposisjonsorgan mot embetsmannsstyret. Bladet, som kom ut med ujamne mellomrom, hevda eit demokratisk syn andsynes embetsmannsstanden sitt grep om statsmakta. Soelvold tok opp «tenestemannsmisbruk og kom med harde åtak på privatpersonar». Soelvold var redaktør av bladet fram til 1835, då han vart dømd for nokre skandaløse artiklar. Henrik Wergeland, som tidlegare hadde vore ein av bidragsytarane, tok over om redaktør «og freista gjera nivået høgare». Han var redaktør til 1837, då tidsskriftet kom med si siste utgåve. Boktrykkar Johan Jørgen Krohn var utgjevar av tidsskriftet.

Jørgen Schiwe starta straks etter Den nye Statsborger, eit skrift som gjekk inn året etter.

Kjelder endre

Litteratur endre

  • W. S. Munthe: Statsborgeren og Peder Soelvold. 1907.