Statsdumaen, vanleg forkorting Gosduma (Госдума) er den lovgjevande forsamlinga i Russland, og «underhus» eller «andrekammer» i det russiske parlamentet. Den russiske grunnlova frå 1993 slo fast at statsdumaen skulle bestå av 450 representantar som vart valde for ein periode på fire år. I 2008 vart dette endra til fem år. Halvparten skulle veljast gjennom tilhøvetalval, dei andre ved enkelt fleirtal i enkeltmannskretsar. Frå 2007-valet er enkeltmannskretsane sløyfa, og alle representantane vert valt gjennom tilhøvetalval frå parti med minst 7 prosent oppslutning.

Statsdumaen

Государственная дума

Gosudarstvennaja duma

Type
Type
Leiarskap
Struktur
Representantar450
██ Sameint Russland (238) ██ Kommunistpartiet (92)

██ Rettferdig Russland (64)

██ Liberaldemokratane (56)
Val
Føre val
18. september 2016
Neste val
September 2021
Nettstad
http://www.duma.gov.ru/

Russiske statsborgarar over 21 år er valgbare til statsdumaen. Det vart gjennomført dumaval i 1993, 1995, 1999, 2003, 2007, 2011 og 2016.

Statsdumabygningen ligg i sentrum av Moskva, like ved Manezjnaja-plassen. Den noverande forma av dumaen vart skapt i 1993 etter innføringa av ei ny grunnlov under Boris Jeltsin som vart stadfesta ved ei folkerøysting.

Sjå òg endre

Kjelder endre