Statsdumaen i Det russiske keisardømet

Statsdumaen var ei lovgjevande forsamling i Russland som var verksam mot slutten av Det russiske keisardømet. Statsdumaen vart samla fire gonger, første gongen i 1905 og siste gongen i perioden 1912-1917.

Tsar Nikolaj II opnar Statsdumaen i 1906.

Presset frå den russiske 1905-revolusjonen førte til at ein av ministrane til tsaren, Sergej Witte, den 6. august 1905 skreiv ut ei fråsegn om innkalling av ein statsduma som eit rådgjevande organ. I Oktobermanifestet lova tsaren meir borgarlege rettar, ein representativ statsduma med lovgivande funksjon og makt til å følgja opp utøvinga av desse. Statsdumaen var underhuset i eit parlament der det keisarlege russiske statsrådet var overhuset.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre