Stavanger Idrettsforening

Stavanger Idrettsforening er eit idrettslag i Stavanger, stifta i 1905 og aktivt med i fotball og handball. SIF spelar i heilkvite drakter.

Mannskapet til Stavanger Idrettsforening i NM-semifinalen 1929 mot Ørn frå Horten

Fotball endre

Stavanger IF var det dominerende fotballaget i Rogaland i tida fram til 1940. Laget nådde semifinalane i noregsmeisterskapen i fotball både i 1912, 1914, 1929 og 1930. Angrepsspelaren Sverre Berg-Johannesen var den fremste spelaren i åra kring 1930. I fotballcupen 1953 tok Stavanger IF seg til kvartfinalen, der det vart tap 1-3 mot trønderlaget Ranheim IL.

Stavanger IF har sidan 1960 gjesta 2. divisjon i 1976-sesongen og spelte også på nivå to i seriefotballen i 2009. Begge gongane rauk laget nedatt i lokal/regional serie.

Handball endre

Stavanger IF spelte i norsk toppserie på 1990-talet. Den seinare presidenten i Norges Idrettsforbund, Tom Tvedt, var mellom dei fremste spelarane på laget i den tida.

Kjelder endre

  • Magnus Breili: Fotballboken, 1967.