Stavanger maritime museum

58°58′13.429″N 5°43′43.838″E / 58.97039694°N 5.72884389°E / 58.97039694; 5.72884389

Stavanger maritime museum

Kart
Stavanger maritime museum
58°58′13″N 5°43′44″E / 58.97039694°N 5.72884389°E / 58.97039694; 5.72884389

Stavanger maritime museum er eit norsk spesialmuseum for den maritime historia til Sørvestlandet. Museet blei skipa i 1926 under namnet Stavanger Sjøfartsmuseum, og skifta namn til Stavanger maritime museum 1. juli 2012.

Om museet endre

Skipinga i 1926 kom etter initiativ frå eldsjelar i Stavanger Rederiforening, Stavanger Søemandsforening og Stavanger Museum. I 1979 blei Stavanger Sjøfartsmuseum slått saman med Stavanger Museum, og frå 1. juli 2010 blei det ei avdeling ved MUST – Museum Stavanger AS ved samanslåinga av Stavanger Museum og Rogaland Kunstmuseum.

Skuter endre

«Anna af Sand» endre

I 1973 mottok museet jakta «Anna af Sand» som gåve frå skipsreiaren Torolf Smedvig. «Anna af Sand» har siden blitt svært mye brukt til formidling av lokal kystkultur og til representasjon, og har utført fleire utanriksseilasar. I 1985 opna Sjøfartsmuseet nye permanente utstillingar i dei restaurerte kjøpmannsgardane Nedre Strandgate 17 og 19. Gjennom utstillingar, undervisingsopplegg, føredrag og familiearrangement auka museet tilbodet til skule og publikum elles.

«Wyvern» endre

21. august 1984 blei lystfartøyet «Wyvern» gjeve som gåve til Stavanger Sjøfartsmuseum. Skuta blei teikna av Colin Archer for forretningsmannen Frederic Croft, og sjøsett i 1897.[1] Croft selde båten ut av landet i 1909, og deretter hadde han fleire eigarar før han blei funnen i svært dårleg forfatning i Ibiza i 1978. Nokre norske selskap gjekk saman om å kjøpa han tilbake, og sørgde for å få han restaurert.[1]

Overrekkinga til museet i 1984 blei utført av kronprins Harald.[1] Sidan då har fartøyet representert museet, byen og landet både i nære og fjerne farvatn.

Museumsbygningen endre

Museumsavdelinga i Nedre Strandgate 19 har i nokre samanhengar blitt kalla ein kunstnarheim, ettersom den dansk-tyske naturvitaren, filosofen og forfattaren Henrik Steffens blei fødd her, og budde her i dei tre fyrste leveåra. Huset er merka med ein plakett, og tida her er kort omtalt i Steffens sine memoar Hvad jeg oplevede.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Wyvern». norsk-fartoyvern.no. Norsk forening for fartøyvern. Henta 2. april 2021. 

Bakgrunnsstoff endre