Hilde Diesen
Hilde Diesen (fødd 23. mai 1949) er ein norsk biletkunstnar, illustratør og forfattar.
Hilde Diesen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. mai 1949 (75 år) |
Yrke | skribent, illustratør |
Ektefelle | Tor Bomann-Larsen |
Ho har utdanning innan teikning og måleri frå Fachhochschule für Design i Münster i Tyskland. Diesen debuterte på Haustutstillinga i 1979. Ho har halde fleire separatutstillinger i Noreg og i Tyskland og delteke på ei rekkje kollektive utstillingar. I 2000 gav ho ut ein biografi om Hanna Winsnes. I bøkene Utrolige Drammen, Kjære Lillehammer, Dikterhus og Hytteskogen har ho markert seg med sine karakteristiske husteikningar utført i tusj og akvarell. Diesen er busett i Drammen, og er medlem av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Buskerud Bildende Kunstnarar og Tegnerforbundet.
Hilde Diesen var litteraturvekekunstnar under Litteraturuka i Drammen i 2009.
Bibliografi
endre- Præstegården på landet, noveller av Hanna Winsnes, redigering og illustrasjon, 1989
- Kvinnelig Dannelse, anno 1830,redigering og illustrasjon, 1990
- Kjære Lillehammer, illustrasjon, 1991
- Utrolige Drammen, 1991
- Dikterhus, 1994
- Hanna Winsnes. Dagsverk og nattetanker, 2000
- Man tager Hanna Winsnes’ kokebok, 2005
- Hytteskogen, 2009
- Revolusjonens datter. Jakten på Elisabeth Sverdrups historie, 2016
- Talegaven : Fra Ragnhild Til Helen Keller. Cappelen Damm, 2021
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hilde Diesen» frå Wikipedia på bokmål, den 13. november 2021.