Stavingsberande
Ein stavingsberande språklyd er ein språklyd som kan danne kjernen i ei staving. Vokalar er stavingsberande. I visse språk, som t.d. norsk er også nokre konsonantar stavingsberande. Det gjeld i tilfelle berre sonorantar, i norsk gjeld det berre nasalar, i praksis som regel n, jf. båtn for «båten».