Sonorant er ei samnemning for desse typane av språklydar:

Det finst språk der stemde implosivar – til dømes [ɓ ɗ ɠ] – truleg må reknast som sonorantar. Konsonantar som ikkje er sonorantar blir kalla obstruentar. Det finst dei som ikkje reknar vokalane som sonorantar, men det er mindre vanleg i moderne lingvistikk.

Definisjon endre

Ein sonorant er ein språklyd som er kjenneteikna ved at lufta ikkje blir vesentleg hindra når ho kjem ut via taleorgana.

Etymologi endre

Ordet sonorant er danna av det latinske adjektivet sonōrus 'tonande, klingande, brusande, susande, klangfull'.