Koordinatar: 61°15′N 7°0′E

Stedje er eit kyrkjesokn i Sogn prosti. Det femner kommunesenteret Sogndalsfjøra og området oppover Sogndalsdalen. Soknet grensar til Hafslo sokn i nordaust, Fjærland sokn i nordvest, Leikanger sokn i sørvest, Norum sokn i sør og Kaupanger sokn i aust. Soknet har ei kyrkje, Stedje kyrkje frå 1867.[1] Ho erstatta Stedje stavkyrkje frå kring 1200.[2] Stedje-kyrkja er omtala i Sverresoga der det vert fortald at birkebeinarane svidde av Stedje, men sparde kyrkja.

Stedje kyrkje
Foto: Arnstein Rønning

KjelderEndra

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra