Opna hovudmenyen

Stefan Kießling

tysk fotballspelar

Stefan Kießling (fødd 25. januar 1984 i Lichtenfels i Bayern) er ein tysk tidlegare fotballspelar som spelte for Bayer Leverkusen i tysk Bundesliga i tida 2006-18. Han var Bayer Leverkusen sin toppskårar i Bundesliga i sesongane 2009/10-, 2011/12-, 2012/13- og 2013/14.

Stefan Kießling
Stefan Kießling, Bayer 04 Leverkusen.JPG
Personleg informasjon
Fullt namn Stefan Kießling
Fødd 25. januar 1984 (35 år)
Fødestad Lichtenfels
Høgd 194 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001-06
2006-
Tyskland Nürnberg
Tyskland B. Leverkusen
73 (35)
206 (86)
Landslag
2005-06
2007-
Tyskland Tyskland U21
Tyskland Tyskland
15 (4)
6 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. juli 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 17. juli 2010

LandslagsspelEndra

Kießling debuterte for Tyskland sitt A-landslag 28. mars 2007 i ein privatlandskamp mot Danmark. Han var med i Tyskland sin tropp til fotball-VM i 2010, der han kom inn som innbytar i to kampar, åttedelsfinalen mot England og bronsefinalen mot Uruguay. I alt deltok han i 6 landskampar, mellom anna var han innbytar då Tyskland tapte 0-1 mot Noreg i ein vennskapskamp 11. februar 2009 i Düsseldorf.

KjelderEndra