Stefan Reuter
tysk fotballspelar
Stefan Reuter (fødd 16. oktober 1966) er ein tidlegare tysk fotballspelar frå Dinkelsbühl. Han spelte 69 landskampar for Tyskland og skåra to gonger. Han spelte for Nürnberg, Bayern München, Juventus og Borussia Dortmund. Han vart verdsmeister med Tyskland i 1990 og europameister i 1996. Han spelte VM i 1990 og 1998 og EM i 1992 og 1996. Med Bayern vart han seriemeister i 1989, 1990 og med Borussia Dortmund vann han seriemeisterskap i 1995 og 1996 og meisterligaen og intercontinentalcupen i 1997.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 16. oktober 1966 (58 år) | ||
Fødestad | Dinkelsbühl i Vest-Tyskland | ||
Høgd | 181 cm | ||
Posisjon | Forsvar/midtbane | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1984–1988 | Nürnberg | 125 | (13) |
1988–1991 | Bayern München | 95 | (4) |
1991–1992 | Juventus | 28 | (0) |
1992–2004 | Borussia Dortmund | 307 | (11) |
Totalt | 545 | (28) | |
Landslag | |||
1985 | Vest-Tyskland U-18 | (0) | |
1985–1987 | Vest-Tyskland U-21 | (2) | |
1987–1998 | Tyskland | 69 | (2) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Merittar
endre- Verdsmeister: 1990 med Vest-Tyskland
- Europameister: 1996 med Tyskland
- Tysk ligameister: 1989 og 1990 med Bayern München
- Tysk ligameister: 1995, 1996 og 2002 med Borussia Dortmund
- Vinnar av Meisterligaen: 1997 med Borussia Dortmund
- Vinnar av Intercontinentalcupen: 1997 med Borussia Dortmund