Ballspielverein Borussia 09 e.V. Dortmund, til dagleg kjend som Borussia Dortmund eller BVB, er eit tysk idrettslag i Dortmund i Nordrhein-Westfalen. Fotballklubben Borussia Dortmund spelar i den tyske toppserien; Bundesliga. Klubben er ein av dei fotballklubbane i Tyskland som har vunne flest trofe.

Borussia Dortmund
Borussia Dortmund logo.svg
Fullt namnBallspielverein Borussia 09 e.v. Dortmund
Kort namnBVB
Grunnlagd19. desember 1909
HeimebaneWestfalenstadion
(kapasitet: 81,365)
EigarReinhard Rauball
StyreleiarHans-Joachim Watzke
HovudtrenarLucien Favre
LigaBundesliga
2018/19 2. plass i Bundesliga
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Tredjedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Borussia Dortmund vart stifta i 1909 av 17 fotballspelarar frå Dortmund. Høgdepunktet for fotballaget er sigeren i Meisterligaen i 1997. Også i 2013 nådde klubben finalen i Meisterligaen, som end med tap 1-2 for Bayern München. Borussia Dortmund gjekk til topps i Cupvinnarcupen i 1966, og vart då den fyrste tyske klubben som sigra i ei europeisk fotballturnering for klubblag. Derimot tapte Borussia Dortmund finalen i UEFA-cupen 1993 og på ny finalen i same turneringa i 2002. Borussia Dortmund har vunne åtte tyske seriemeisterskap og tre nasjonale cupmeisterskap.

Sidan 1974 har Borussia Dortmund spela heimekampane på Westfalenstadion, det største fotballstadion i Tyskland. Borussia Dortmunds draktfargar er gule trøyer og svarte bukser. Klubben har i lang tid rivalisert med Schalke 04, ein klubb frå nabobyen Gelsenkirchen.

SpelarstallEndra

Endra 19. august 2020[1][2]Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1   MV Roman Bürki
2   F Mateu Morey
5   F Dan-Axel Zagadou
6   M Thomas Delaney
7   M Jadon Sancho
8   M Mahmoud Dahoud
9   A Erling Haaland
10   A Thorgan Hazard
11   A Marco Reus (captain)
13   F Raphaël Guerreiro
14   F Nico Schulz
15   F Mats Hummels
16   F Manuel Akanji
17   M Sergio Gómez
Nr. Posisjon Spelar
19   M Julian Brandt
20   M Reinier (utlån fra Real Madrid)
22   M Jude Bellingham
23   M Emre Can
24   F Thomas Meunier
25   MV Luca Unbehaun
26   F Łukasz Piszczek
27   M Marius Wolf
28   M Axel Witsel
29   F Marcel Schmelzer
30   F Felix Passlack
32   M Giovanni Reyna
35   MV Marwin Hitz
37   M Tobias Raschl

KjelderEndra

  1. «First Team». bvb.de. Henta 27 July 2019. 
  2. «Borussia Dortmund – Kader» (på German). bundesliga.com. Henta 27 July 2019.