Stein Ørnhøi
Stein Ørnhøi (fødd 15. november 1935 i Trondheim) er ein norsk politikar for SV. Han vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 1977 og på ny i 1981.
Stein Ørnhøi | |||
Fødd | 15. november 1935 (88 år) Trondheim | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sosialistisk Venstreparti, Sosialistisk Folkeparti | ||
Yrke | politikar, TV-regissør, TV-produsent, pedagog, teatersjef, organisasjonsleder, faglitterær forfattar, konduktør | ||
Utdanna ved | Forsvarets høyskole sjefskurs | ||
Medlem | Nei til EU | ||
Alle verv |
|
Ørnhøi er utdanna frå Levanger lærarskule (1958), tok handelsskuleeksamen i 1959 og gjekk i 1982 sjefskurs ved Forsvarets Høgskule. Han var lærar i Oslo og Tune frå 1956 til 1963.
Frå 1961 til 1963 var han produsent for fleire barneprogram for TV og vart tilsett som produksjonssekretær i NRK frå 1963 til 1965. I åra frå 1965-1973 og 1975-1977 var han programsekretær i NRK. Etter nokre år som stortingspolitikar har han så vore frilansar i NRK frå 1985 til 1992. I 1994-1995 var han teatersjef ved Teater Ibsen.
Ørnhøi var nestleiar i Nei til EF i perioden 1992–1993 og leiar i Nei til EU frå 1995 til 1997. Han var i fleire år politisk ekspert og kommentator i både NRK og seinare i TV2.
Ørnhøi hadde tillitsverv i SF/SV frå 1961 til 1987.
Stortingskomitear
endre- 1977–1981 - medlem i Finanskomiteen
- 1977–1981 - varamedlem i Valkomiteen
- 1981–1985 - sekretær i Forbruker- og administrasjonskomiteen
- 1981–1985 - medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen
- 1981–1985 - varamedlem i Valkomiteen
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Stein Ørnhøi» frå Wikipedia på bokmål, den 9. februar 2009.