Steinar Stjernø

norsk professor og politikar

Steinar Stjernø (fødd 10. januar 1945) er professor i sosialt arbeid og sosialpolitikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus. Han vart magister i offentleg administrasjon og organisasjonskunnskap, Universitetet i Bergen (1971). Stjernø har hatt ei rekke stillingar innanfor forsking og undervising, og var rektor ved Høgskolen i Oslo i perioden 1995 til 2000. Han var òg leiar for det såkalla Stjernø-utvalet som i 2008 presenterte NOU 2008:3 "Sett under ett". Utvalet argumenterte for sterkare samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane, og at profesjonsutdanninga må styrkast.

Steinar Stjernø
StjernøNov08(Wiki).jpg
Fødd 10. januar 1945 (75 år)
Yrke politikar, professor

Faglege interesserEndra

Komparativ velferdspolitikk, fattigdom, politisk ideologi og politisk idéhistorie. Han har skrive bøkene Work, oil and welfare (2008) og Solidarity in Europe. The history of an idea (2005)[1]

ReferansarEndra

  1. Cambridge ISBN 0521843944

BakgrunnsstoffEndra