Steinete Tunguska
Steinete Tunguska (russisk Подкаменная Тунгуска – Podkamennaja Tunguska, direkte omsett til «Understein Tunguska») er ei elv i Krasnojarsk kraj i Sibir i Russland og ei av sideelvane til Jenisej frå høgre. Elva er 1865 km lang og har eit nedslagsfelt på 240 000 km².
Steinete Tunguska | |||
elv | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 240 000 km² | ||
Lengd | 1 865 km | ||
Munning | Jenisej | ||
Steinete Tunguska 57°41′14″N 104°21′19″E / 57.6873°N 104.3553°E | |||
Wikimedia Commons: Podkamennaya Tunguska River |
Namnet på elva kjem av at ho renn over område med småstein, utan synleg vatn.
Tunguska-hendinga i 1908 fann stad ved Steinete Tunguska.
Elva frys til frå seint i oktober til midten av mai. Vårflaumen varer frå mai til tidleg juli. Under flaumen er elva framkommeleg frå små og mellomstore fartøy 1150 km oppover frå munningen, og for store fartøy 570 km oppover.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Подкаменная Тунгуска» frå Wikipedia på russisk, den 28. oktober 2008.