Steingard

(Omdirigert frå Steingjerde)

Steingard (norrønt steingarðr) eller steingjerde er eit tørrstabla gjerde av stein. Det er kjend frå fleire stader, mellom anna i Noreg, der ein kjenner til steingardar frå eldre jernalder.

Steingard i Yorkshire i England.

Bruk endre

Steingardar kan brukast som gjerde for dyr og som grensemarkering for menneske. Fleire stader i Noreg er det blitt bygt steingardar for å markere grensene for større område, som fylkes- eller heradsgrenser.

Konstruksjon endre

Ein norsk steingard er alltid bygt av tørrlødd stein. Ein reknar med at dei i hovudsak kan definerast som tre typer:

  • Kistemur – to likeverdige mursider med fyllmasse i mellom og oftast nytta til meir forseggjorte steingardar av ei viss høgd.
  • Dobbelmur - ein litt enklare steingard enn kistemuren, men likevel med rette veggar på begge sider.
  • Ordna røys - enklare konstruksjonar og den mest vanlege steingarden for avgrensing av jordteigar i landbruket, eller større landområde.

Sjå òg endre