Denne artikkelen handlar om materialet. For namnet, sjå Stein som namn.

Stein viser til bergartar, og blir særleg brukt om bitar av berg og stein som materiale.

Steinvegg med vindauge i Machu Picchu.

Stein er i regelen eit solid og slitesterkt materiale som særleg blir brukt i monumentalbygg, som tempel, slott og viktige offentlege bygg. Det kan skjerast til i blokker og formast til skulpturar eller relieff. I helleform kan stein brukast på golv eller tak.

Aramaisk gravstele av basaltstein frå 600-talet f.Kr..

I Noreg har det vore mindre brukt som byggemateriale, men lause steinar er blitt brukte til å laga steingardar og grunnmurar og til vardebygging.

Steinar kan polerast og brukast som smykkestein. Mindre steinar blir kalla grus, medan sandkorn er så små at dei ikkje blir rekna som steinar.

Sjå òg endre