Steinkrossen på Hesthamar

Steinkrossen på Hesthamar er ein kross til minne om lagmann Sigurd Brynjulfson frå Aga. Han drukna i Samlafjorden, sannsynlegvis i september 1303. Kroppen hans dreiv i land ved Hesthamar. Etter ei tid blei det sett opp eit minnesmerke for lagmannen. Det var opphavleg ein kross i kleberstein på toppen av bautaen. Denne blei tatt ned på midten av 1800-talet. Den nye krossen som er festa med moderne jernband blei sett opp i 1914.

Steinkrossen på Hesthamar 2010
Foto: Jarle Vines

Bakgrunnsstoff

endre