Sten Glenn Håberg
Sten Glenn Håberg (fødd 22. april 1964) er ein tidlegare fotballspelar frå Kristiansand. Han var Start-spelar i til saman 8 sesongar, elles aktiv i Lillestrøm SK, SK Brann og Åsane IL. Håberg var angreps- og offensiv midtbanespelar. Han var med i 8 landskampar.
Sten Glenn Håberg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 22. april 1964 (60 år) Kristiansand kommune |
Idrett | fotball |
Karriere
endreKlubbspel
endreHåberg melde seg i november 1980 inn i IK Start. Etter fem sesongar i Start melde han overgang til Lillestrøm SK, var aktiv der i 1986 og 1987. Hausten 1986 deltok han i NM-finalen, ein som overraskande enda 4–1 siger til Tromsø IL. Åra 1988-90 var han på ny å sjå i Start-drakta. Deretter var han Brann-spelar frå 1991 til 93, der det vart mykje benkesliting. Han avslutta si aktive tid med å spele for Åsane IL på nivå 2 i 1994-sesongen.
Landslagsspel
endreI 1986/87 deltok Håberg i 7 av Noregs landskampar, den åttande og siste kom 2. mai 1989. Ikkje ein einaste av desse enda med norsk siger.
Merittar
endre- NM-finalist: 1986 med Lillestrøm SK
- Bronse i 1. divisjon: 1984 med IK Start