Ein stenose (eigentleg stenosis, frå gresk stenos 'smal, trong' og –osis, 'tilstand') er ein unormalt smal eller trong del av ei blodåre, eit holorgan eller ein annan struktur. Koarktasjon har same tyding, men blir oftast bruka om koarktasjon av livpulsåra. Eit anna, mindre vanleg ord med same tyding er striktur, bruka til dømes om øsofagusstriktur og urinrøyrsstruktur.

Teikning som syner stenose. Pila peiker på den insnevra blodåra

Kjelder

endre
  • Audun Øyri: Medisinsk ordbok. Oslo, 1988.