Organ
Organ er ein einskapleg del av kroppen til ein fleircella organisme. Det kan ha ei eller fleire særskilde oppgåver.[1] T.d. pumpar hjartet blod, og magesekken bidreg til å melte maten.
Organ | |||
Illustrasjon av nokre organ i menneskekroppen. | |||
Klassifikasjonar og ressursar |
---|
Vev er ei finare inndeling av organismen enn organ. Eit organ er ofte danna av fleire typar vev som utgjer ei strukturell og funksjonell eining saman. Organ kan vera del av eitt eller fleire organsystem.[1]
Grensa mellom ulike organ er ikkje alltid lett å fastsetja, og det finst ulike definisjonar for kva som er eigne organ. Menneskekroppen omfattar kring 79 organ.[2]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Holck, Per (26. november 2024). «organ – biologi». Store medisinske leksikon (på norsk).
- ↑ «New organ named in digestive system». BBC News (på engelsk). 4. januar 2017.