Stepan Bandera

ukrainsk politikar

Stepan Andrijovytsj Bandera (1. januar 190915. oktober 1959) var ein ukrainsk politikar som leidde Organisasjonen av Ukrainske Nasjonalistar OUN.

Stepan Bandera

FøddСтепан Андрійович Бандера
1. januar 1909
Staryj Uhryniv
Død15. oktober 1959 (50 år)
Statsborgar avWest Ukrainian People's Republic, Den andre polske republikken, Austerrike-Ungarn, statslaus
PartiOrganisasjonen av Ukrainske Nasjonalistar
Yrkepolitikar, terrorist
Utdanna vedDet nasjonale polytekniske universitet i Lviv
MorMiroslava Banderova
FarAndrij Bandera
EktefelleJarosława Bandera
BarnAndrii Bandera
MedlemOrganisasjonen av Ukrainske Nasjonalistar

Han vart dømd til livsvarig fengsel for drapet på den polske innanriksministeren i 1934, men vart sett fri da sovjetiske styrkar tok Lviv frå Polen i 1939. Den 30. juni 1941 vart han med i den ukrainske regjeringa som vart proklamert etter at Nazi-Tyskland hadde invadert Sovjetunionen.

Minnesmerke for Stepan Bandera i Ternopil

Etter dette vart han sett i konsentrasjonsleiren Sachsenhausen, der han sat til 1944, da han vart sett fri for å leie einingar av OUN/UPA.

Grupper frå OUN/UPA held fram med å drive væpna operasjonar mot sovjetiske og polske styresmakter til først på 1950-talet, særleg i Karpatane.

Den 15. oktober 1959 vart Bandera drepen i München i Vest-Tyskland, truleg etter ordre frå KGB.

I 2006 bestemte administrasjonen i Lviv at gravene til mellom andre Stepan Bandera skulle overførast til eit nytt område på gravplassen Lytsjiakivskij som er spesielt tileigna det som blir kalla den ukrainske nasjonale frigjeringskampen.

Kjelder

endre