Statslaus
Statslaus vil seia at ein ikkje er rekna som statsborgar i noko land.[1] Dette medfører at den statslause manglar diplomatisk vern frå ein heimstat, samfunnsrettar og vil ha store problem med å kryssa grenser.[2][3]
Ein kan bli statslaus fordi ein er fødd inn i ei folkegruppe som blir nekta eller fråteken statsborgarskap,[2] eller ved at foreldra sine heim- og/eller opphaldsland har motstridande reglar for å gje statsborgarskap.[3] Ein kan også mista statsborgarskapen gjennom utvandring, utvising eller liknande utan å ha fått statsborgarskap i eit nytt land. Menneskerettserklæringa slår fast at einkvar har rett til ein nasjonalitet (innforstått statsborgarskap), og at ingen vilkårleg må mista denne. Folkeretten har likevel ikkje eit eigentleg forbod mot å oppheva statsborgarskap.[2]
Statslause flyktningar kunne frå 1920-åra få Nansen-pass, gjevne ut av Folkeforbundet og godkjende av ei rekkje land. I dag har SN si flyktningetenesre, UNCHR, ansvar for reisedokument og busettingsland til desse.
Døme
endreNazi-Tyskland gjorde gradvis jødiske borgarar i Tyskland og okkuperte land statslause, noko som medførte at dei ikkje kunne få visum til andre land for å flykta frå Holocaust.[4]
Myanmar har sidan 1982 rekna rohingyafolk i landet som «statslause bengalske muslimar» og nekta dei statsborgarskap.[5]
Brunei har eit stort tal innbyggjarar som er fødde og permanent busette i landet, men har sidan 1960-talet ikkje fått statsborgarskap. I staden for pass har dei fått reisedokument («International Certificate of Identity») som ikkje er godtekne for innreise til mange land.[6]
I Danmark viste «Statsløse-saken» frå 2011 at landet gjennom ein tiårsperiode hadde gjort fleire danskfødde barn statslause i strid mot Barnekonvensjonen.
Iranskfødde Mehran Karimi Nasseri er ein kjend enkeltperson som levde mange år som statslaus på Charles de Gaulle internasjonale lufthamn ved Paris. Soga hans er fortald i sjølvbiografien The Terminal Man og filmen The Terminal med Tom Hanks i hovudrolla.
Kjelder
endre- ↑ «Statsløs» (15. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 7. juni 2014.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «statsløs», Den Store Danske
- ↑ 3,0 3,1 «Da danskfødte Liv Maria blev statsløs», Information.dk (16. december 2011)
- ↑ Dan Fromowitz, «Importance of Documents», chgs.umn.edu
- ↑ «Rohingyas are not citizens: Myanmar minister», The Hindu (July 30, 2012)
- ↑ «Citizenship news lifts spirits of stateless PRs», Brunei Times (January 26, 2011)
- Delar av denne artikkelen bygger på «Statsløse-sagen» frå Wikipedia på dansk, den 7. juni 2014.