Opna hovudmenyen

Steve Mandanda (fødd 28. mars 1985 i Kinshasa) er ein kongolesisk-fransk fotballspelar som spelar som keeper for Marseille i fransk Ligue 1, og for det franske landslaget. Han vart fransk seriemeister i 2010 med Marseille. I 2008 vart han kåra til årets keeper i Ligue 1, ei bragd som han gjentok i 2011, 2015 og 2016. Han debuterte for A-landslaget 27. mai 2008 i ein vennskapskamp mot Ecuador, som Frankrike vann 2-0. Han var med i Frankrike sin tropp til fotball-EM i 2008 som ubrukt reserve. På starten av VM-kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 var han førsteval som landslagskeeper, men sommaren 2009 vart han erstatta av Hugo Lloris, og under fotball-VM i 2010 var han andreval på keeperplassen. I 2012 var han òg med i EM-troppen som ubrukt reservekeeper.

Steve Mandanda
Steve Mandanda 2018.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Steve Mandanda
Fødd 28. mars 1985
Fødestad Kinshasa
Høgd 185 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Marseille
Nummer 30
Ungdomsklubbar
2001-05 Frankrike Le Havre
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2005-07
2007-
Frankrike Le Havre
Frankrike Marseille
67 (0)
325 (0)
Landslag
2003-06
2008-
Frankrike Frankrike U21
Frankrike Frankrike
17 (0)
21 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. desember 2015
‡ Landslagsmål oppdatert 7. desember 2015