Steven Universe
Steven Universe er ein amerikansk animert TV-serie laga av Rebecca Sugar for Cartoon Network. Serien hadde premiere 21. mai 2013 med sin første pilotepisode, deretter 4. november 2013 med sin første sesong. Det er den første animerte serien på Cartoon Network som har vore utvikla av ei kvinne åleine.
Type | animert TV-serie | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Action, dramakomedie, science fantasy | ||
Opphavsland | USA | ||
Produksjonsland | USA | ||
Sesongar | 5 | ||
Episodar | 160 | ||
Lengd | 11 min. (per episode) | ||
Språk | Engelsk | ||
Skapar | Rebecca Sugar | ||
Produsent | Rebecca Sugar | ||
Manus | Rebecca Sugar, Ian Jones-Quartey, Ben Levin, Kat Morris, Matt Burnett | ||
Røyster | Zach Callison, Estelle, Michaela Dietz, Deedee Magno, Matthew Moy, Kate Micucci, Tom Scharpling, Jennifer Paz, Shelby Rabara | ||
Periode | 21. mai 2013– | ||
Kanal | Cartoon Network | ||
Biletformat | 16:9 |
Steven Universe-serien er «coming-of-age»-historia til ungguten Steven Universe (spelt av Zach Callison), som bur saman med the Crystal Gems – magiske, kvinneliknande utanomjordingar kalla Garnet (Estelle), Amethyst (Michaela Dietz) og Pearl (Deedee Magno Hall) – i den fiktive byen Beach City. Steven, som er halvt «gem» og halvt menneske, drar på eventyr med venene sine og hjelper dei i å beskytte verda mot deira eigen art. Tematikk i serien er mellom anna kjærleik, familie og tydinga av gode relasjonar personar imellom. Bøker, teikneseriar og dataspel baserte på serien har vorte utgjevne, og langfilmen Steven Universe: The Movie vart send på Cartoon Network i USA september 2019.[1]
Rebecca Sugar baserte hovudkarakteren i serien på sin yngre bror, Steven.[2] Ho utvikla Steven Universe medan ho var forfattar og teiknar for biletmanuset i Adventure Time, som ho forlét da Cartoon Network gav henne i oppdrag å drive full produksjon av sin eigen serie.[3] Serien er driven av biletmanuset; når episodar er under produksjon er teiknarane av biletmanuset ansvarlege for å skrive dialogen og skape hendingsgangen. Steven Universe har utvikla ein brei fanskare og har fått positiv mottaking for stilen, musikken, stemmeskodespelet og karakteriseringa. Serien vann sin første GLAAD Media Award for «Outstanding Kids & Family Program» i 2019, og var dimed den første animerte serien som vann denne prisen. Han mottok også sin første Peabody Award for «Children's & Youth Programming» i 2019, og har vore nominert til fem Emmy-prisar og fem Annie Awards. Den femte sesongen av serien konkluderte i januar 2019. Under New York Comic Con 2019 vart ein epilogserie annonsert, titulert Steven Universe Future, som går føre seg etter hendingane i langfilmen.[4]
Kjelder
endre- ↑ «The trailer for Steven Universe: The Movie introduces a new villain and a new look». The Verge. 19. juli 2019. Henta 27. juli 2019.
- ↑ «‘Adventure Time’ Writer Rebecca Sugar on ‘Steven Universe’». Indiewire. 1. november 2013. Henta 24. september 2016.
- ↑ «'Steven Universe' creator on growing up, gender politics, her brother». Entertainment Weekly. 15. juni 2015. Henta 27. juli 2019.
- ↑ «Steven Universe Future: New Limited Series Coming to Cartoon Network». IGN. 4. oktober 2019. Henta 9. november 2019.
Bakgrunnsstoff
endre- Steven Universe ved IMDb