Adventure Time (norsk tittel: Eventyrtid) er ein amerikansk animert fantasy-fjernsynsserie laga av Pendleton Ward for Cartoon Network. Serien er produsert av Frederator Studios og Cartoon Network Studios, og følgjer eventyra til ein gut med namnet Finn (spelt av Jeremy Shada) og bestevennen og adoptivbroren hans, Jake (John DiMaggio), ein magisk hund som kan endre form og storleik når han vil. Finn og Jake bur i det post-apokalyptiske landet Ooo, saman med karakterar som Princess Bubblegum (Hynden Walch), Ice King (Tom Kenny), BMO (Niki Yang), Marceline (Olivia Olson) og fleire. Serien er basert på ein kortfilm frå 2007, som vart produsert for Nicktoons og Random! Cartoons, ein inkubator for animerte seriar av Frederator Studios. Etter at kortfilmen vart ein viral suksess på internettet, bestilte Caroon Network produksjonen av ein full serie basert på kortfilmen. Serien hadde førehandsvising 11. mars 2010 og offisiell premiere 5. april 2010.

Adventure Time
Norsk tittel: Eventyrtid
Adventure Time logo2.png
Typeanimert fjernsynsserie
SjangerKomedie, eventyr, fantasy, science-fiction
OpphavslandUSA
Sesongar10
Episodar283
Lengd11 min. (per episode)
SpråkEngelsk
SkaparPendleton Ward
ProdusentPendleton Ward, Fred Seibert, Derek Drymon, Adam Muto
ManusPendleton Ward, Adam Muto, Kent Osborne, Cole Sanchez, Rebecca Sugar, Tom Herpich
RegiLarry Leichliter, Cole Sanchez, Adam Muto, Patrick McHale, Nate Cash, Kent Osborne
RøysterJeremy Shada, John DiMaggio, Hynden Walch, Niki Yang, Tom Kenny, Olivia Olson, Dee Bradley Baker, Pendleton Ward, Jessica DiCicco, Maria Bamford
Periode5. april 2010–
3. september 2018
KanalCartoon Network
Biletformat16:9

Adventure Time har henta inspirasjon frå fleire kjelder, mellom anna rollespelet Dungeons & Dragons og andre dataspel. Serien vart produsert med bruk av handteikna animasjon, der handlingane og dialogen i episodane er avgjorde av biletmanuset, basert på grove konturar. Av di kvar episode tok om lag åtte til ni månader å fullføre, vart fleire episodar arbeidde på samstundes. Stemmeskodespelarene spelte inn dialogane sine i gruppeopptak, og serien hadde jamleg gjesteskodespelarar for mindre framståande og tilbakevendande karakterar. Kvar episode varer om lag elleve minutt, der par av episodar ofte er sende for å fylle programrom på ein halv time. Cartoon Network annonserte 29. september 2016 at serien ville ende i 2018, etter sendinga av den tiande sesongen. Seriefinalen «Come Along With Me» vart send 3. september 2018, og Adventure Time hadde då kome opp i 283 episodar fordelte på dei ti sesongane.[1] Den 23. oktober 2019 vart fire timelange spesialepisodar, kollektivt kalla Adventure Time: Distant Lands, annonsert til å sendast eksklusivt på HBO Max, dei to første i løpet av 2020.[2]

Adventure Time har vore ein sjåarsuksess for Cartoon Network og nokre episodar har tiltrekt over tre millionar sjåarar. Trass i at serien hovudsakleg framstår som retta mot barn, har han utvikla ein tilhengjarskare blant tenåringar og vaksne. Serien har fått positive omtalar frå kritikarar og vunne ei rekkje utmerkingar, mellom anna åtte Primetime Oscar-prisar. Adventure Time har òg avla fram ei mengd lisensierte handelsvarer, mellom anna bøker, dataspel og klede.

UtgangspunktEndra

Sjå òg karakterar i Adventure Time.

Adventure Time følgjer eventyra til guten Finn (gjeve stemme av Jeremy Shada) og bestevennen og adoptivbroren hans, Jake (John DiMaggio), ein bulldogg som har magiske krefter til å endre form og storleik av eigen vilje. Serieskaparen Pendleton Ward skildra Finn som «ein vilter liten gut med sterk moral».[3] Jake derimot er basert på Tripper Harrison, karakteren spelt av Bill Murray i 1979-filmen Meatballs, som tyder at Jake er noko likesæl, men vil gje Finn gode råd når han verkeleg treng det.[3] Finn og Jake bur i det post-apokalyptiske landet Ooo, som var øydelagt av ein kataklysmisk atomkrig 1000 år før hendingane i Adventure Time. Gjennom serien interagerer dei med andre framståande figurar som Princess Bubblegum (Hynden Walch); regenten av Candy Kingdom og eit levande stykke tyggegummi, Ice King (Tom Kenny); ein trugande men misforstått trollmann, Marceline the Vampire Queen (Olivia Olson); ein tusen år gamal vampyr og rockemusikkentusiast, Lumpy Space Princess (Pendleton Ward); ei melodramatisk og umoden prinsesse laga av «klumpar», BMO (Niki Yang); ein sansande dataspelkonsoll forma som ein robot som bur med Finn og Jake, og Flame Princess (Jessica DiCicco); eit eldvette og herskaren av Fire Kingdom.[4][5][6]

UtviklingEndra

Konsept og skapingEndra

Ifølgje serieskaparen Pendleton Ward var stilen til serien påverka av tida han studerte ved California Institute of the Arts (CalArts) og røynslene frå då han arbeidde som forfattar og biletmanuskunstnar på The Marvelous Misadventures of Flapjack, ein serie som vart kringkasta på Cartoon Network frå 2008 til 2010. I eit intervju med Animation World Network fortalde Ward at han arbeider for å kombinere den subversive humoren i Adventure Time med vakre augneblink, der han bruker Hayao Miyazaki-filmen My Neighbor Totoro som inspirasjon for det sistnemnde.[3] Ward nemnde òg seriane Home Movies og Dr. Katz, Professional Therapist som inspirasjonskjelder, hovudsakleg av di begge programma er «avslappande» og har «munnleg dialog som kjennest naturleg [og er korkje] overdriven [eller] teikneserieaktig og gjennomtrengande».[7]

 
Adventure Time-serien vart skapt av Pendleton Ward (høgre). Rob Sorcher (venstre) hadde ein innverknad i å få kanalen til å ta sjansen på å utvikle programmet.

Serien har opphav i ein sju minuttar lang kortfilm med same tittel. Ward laga kortfilmen nesten heilt åleine og fullførte produksjonen tidleg i 2006.[8] Han vart først send på Nicktoons Network den 11. januar 2007,[8][9] og vart kringkasta på nytt den 7. desember 2008 som del av antalogiprogrammet Random! Cartoons til Frederator Studios.[10][11] Etter den opphavlege utgjevinga gjekk videoen viralt på internettet.[3][12] Frederator Studios pitcha då ein Adventure Time-serie for Nicktoons Network, som avviste han to gonger.[13] Etter kvart gjekk fullmakta til Nicktoons om å lage ein heil serie ut på dato, og Frederator Studios pitcha han for andre kanalar.[14] Eitt av studioa som Fredrator presenterte serien for var Cartoon Network, som viste interesse i å produsere ein full serie. Dei ville likevel berre inngå ein avtale dersom Ward kunne prove at pilotepisoden «ikkje berre var ein one-hit wonder».[13] Rob Sorcher, som var chief content officer for Cartoon Network, hadde ein innverknad i å få kanalen til å satse på serien, han sannkjende serien som «noko som kjentest veldig indie ... teikneserieaktig [og] nytt».[15]

 
Patrick McHale var kreativ regissør for Adventure Time dei to første sesongane.

Cartoon Network bad Ward leggje fram eit prøvescript som dei kunne vurdere, men Frederator overtyda han om å heller konsipere eit biletmanus, ettersom «eit biletmanus ville gi eit betre inntrykk av kva Pen hadde i tankane», ifølgje visepresidenten Eric Homan i Frederator.[13] Ward og studiekameratane hans Patrick McHale og Adam Muto byrja å utvikle idear, samstundes som dei fokuserte på «å halde på dei bra tingane frå den originale kortfilmen [og dertil] forbetre dei».[13][16] Det første produktet frå gruppa var eit grovt utkast til eit biletmanus med Finn og Princess Bubblegum som drar på eit stemnemøte for å ete spagetti.[13] Cartoon Network var ikkje nøgd med denne historia, og Ward, McHale og Muto laga dermed biletmanus for episoden «The Enchiridion!», som var forsøket deira på å etterlikne stilen i den opphavlege Nicktoons-kortfilmen. Denne framferda var vellukka og Cartoon Network godkjende den første sesongen i september 2008. «The Enchiridion!» var den første episoden som gjekk inn i produksjon.[13][17][18][19]

Ward og produksjonsteamet hans byrja å teikne biletmanusa til episodane og skrive konturar til handlingane, men Cartoon Network var framleis uroa for retninga til den nye serien. McHale kunne seinare hugse at i løpet av pitchen av ein episode titulert «Brothers in Insomnia» (som seinare vart forkasta) var rommet fylt med leiarar frå Cartoon Network. Pitchen gjekk bra, men produksjonspersonalet fekk snart fleire spørsmål om den stilistiske retninga til serien. I håp om å bøte på desse problema, hyra leiinga i Cartoon Network tre veterananimatørar som hadde arbeidd på SpongeBob SquarePants: Derek Drymon (som var produsent for den første sesongen av Adventure Time), Merriwether Williams (som var sjefsredaktør for handlingane i sesong ein og to), og Nick Jennings (som vart mangeårig kunstregissør for serien).[20] Thurop Van Orman, skaparen av The Marvelous Misadventures of Flapjack, vart òg hyra for å vegleie Ward og personalet hans dei første to sesongane.[21] Etter kvart greidde biletmanuset til «Prisoners of Love» å mildne fleire av bekymringane som nokre av sjefane ved Cartoon Network hadde uttrykt.[22]

Medan produksjonen av sesong ein gjekk framover, vart fleire kunstnarar tilsette. Dan «Ghostshrimp» Bandit, ein frilans illustratør som hadde skrive og laga biletmanus for Flapjack, vart hyra som leiande bakgrunnsdesignar for serien.[3] Ghostshrimp designa sentrale stader, inkludert heimen til Finn og Jake, Candy Kingdom og Ice Kingdom.[23] Phil Rynda fekk øvste ansvar som karakterdesignar, og hadde denne rolla i to sesongar og ein halv. Produksjonsgruppa (inkludert Ward og McHale) var først nølande med å få han med, men vart snart overtyda av regissøren Larry Leichliter, som forsikra dei at Rynda var dyktig og kunne teikne i mange ulike stilar.[24] Etter at produsentane vart nøgde, byrja Rynda å lage figurar som var enkle, men passa med «Pen's naturlege estetikk»[16] På denne tida, byrja Rynda og McHale å lage utkast til kunstnariske retningslinjer for serien, slik at animasjonsstilen alltid ville vere noko konsistent.[25] Med fleire av sjefsrollene innan produksjonen okkoperte, retta Ward merksemda si mot å velje ut biletmanuskunstnarar for den første sesongen. Han danna etter kvart ei gruppe av hovudsakleg «yngre, uerfarne folk», der fleire av dei vart oppdaga på internettet.[26] Mange av desse personane hadde bakgrunn i indie-teikneseriar, og Ward skildra dei som «verkeleg smarte luringar», som seinare var ansvarlege for å tilføre meir idiosynkratiske og spirituelle idear til serien.[27]

I løpet av dei første fire og ein halve sesongane av serien, tente Ward som showrunner for Adventure Time. I eit intervju med Rolling Stone, avslørte Ward at han gjekk av i løpet av den femte sesongen. Som ein naturleg introvert person, opplevde han det som utmattande å interagere med og styre folk kvar dag. Etter at Ward hadde trekt seg frå posten, vart Adam Muto ny showrunner for serien. Fram til seint i 2014, held Ward fram med å arbeide på serien som biletmanuskunstnar og forfattar.[28] Etter november 2014 slutta han å jamleg bidra med skisser til nye episodar, sjølv om han framleis såg over handlingane, gav sporadiske innspel og laga biletmanus for serien i eit avgrensa omfang.[28][29][30]

Kringskasting og sjåartalEndra

EpisodarEndra

Sjå òg Adventure Time-episodar.

Kvar Adventure Time-episode varer om lag elleve minutt, der par av episodar ofte er sende for å fylle promgramrom på ein halv time.[31] Før den offisielle debuten av den første sesongen, sende Cartoon Network dei to episodane «Business Time» og «Evicted!» høvesvis 11. og 18. mars, som var reklamerte som førehandsvisingar av den komande serien.[32][33] Programmet hadde offisiell premiere med episoden «Slumber Party Panic» den 5. april 2010.[34]

I dei seinare åra i kringkastinga av Adventure Time begynte programmet å eksperimentere med eit miniserie-format, der fleire episodar etter kvarandre var del av eit større stykke. Den første av desse var Stakes i 2015, som vart send under den sjuande sesongen. Den påfølgjande miniserien Islands vart send under den åttande sesongen i 2017, og den tredje og siste, Elements, vart send under den niande sesongen i 2017.[35][36][37]

I løpet av dei første seks sesongane vart episodar sende regelmessig ein gong i veka. Frå november 2014 byrja programmet derimot å sende nye episodar via såkalla «bombs», eller gjennom heile veker der nye episodar debuterte kvar dag.[38] Denne endringa i måten å kringkaste serien på, skipla sjåarmønsteret hjå nokre i tilhengjarskaren. Til dømes Dave Trumbore i Collider.com som forklarte: «Før i tida, då [programmet] vart sendt etter eit fast skjema, var det litt lettare å halde følgje med dei meir heftige episodane fulle av halvforklart mytologi og massevis av non sequiturs. I løpet av dei siste sesongane derimot, når episodane byrja å sendast meir sporadisk som delar av spesialar på fleire episodar, [vart det lettare å gå glipp av] dei tilfeldige sendetidspunkta til nokre av episodane.»[39]

Den opphavlege kringkastinga av serien avslutta i 2018, etter at den tiande sesongen vart send.[40] Om lag eitt år seinare, den 23. oktober 2019, annonserte Cartoon Network at fire timelange spesialepisodar, med den felles tittelen Adventure Time: Distand Lands, ville sendast på HBO Max, dei to første i løpet av 2020.[41]

Reprisar av Adventure Time har vorte sende på Boomerang og Adult Swim.[42][43]

SjåartalEndra

Adventure Time hadde gode sjåartal i debutperioden. I mars 2013 vart det rapportert at episodane i gjennomsnitt hadde 2 til 3 millionar sjåarar.[10] Ifølgje ein rapport av Nielsen ratings frå 2012, rangerte programmet øvst i sendetida si hjå gutar mellom 2 og 14 år.[5] Den første episoden av Adventure Time hadde premiere 5. april 2010 og hadde 2,5 millionar sjåarar.[44] Serien var dimed ein sjåarsuksess, og ifølgje ei pressemelding frå Cartoon Network vart det i sendetida for episoden ein tresifra prosentvis auke i sjåartal samanlikna med fjoråret. Serien vart sett på av 1,661 millionar barn i alderen 2 til 11 år, som var ein auke på 110 prosent samanlikna med tala frå fjoråret. Han var sett på av 837 000 barn i alderen 9 til 14 år, ein auke på 239 prosent samanlikna med fjoråret.[45]

Sjåartala til programmet auka jamleg mellom andre og sjette sesong. Premieren av den andre sesongen vart sett på av 2,001 millionar sjåarar, tredje sesongpremisere av 2,686 millionar, fjerde sesongpremiere av 2,655 millionar, femte sesongpremiere av 3,435 millionar og den sjette sesongpremieren av 3,321 millionar.[46][47][48][49][50] Den sjuande sesongpremieren hadde eit monnaleg fall i sjåartal, med 1,07 millionar sjåarar.[51] Like eins gjekk det med dei neste sesongane, åtte, ni og ti, som vart sett på av høvesvis 1,13, 0,71 og 0,77 millionar sjåarar.[52][53][54] Seriefinalen, «Come Along with Me» vart sett på av 0,92 millionar sjåarar og fekk ei Nielsen rating på 0,25 for personar mellom 18 og 49 år, som tyder at episoden vart sett på av 0,25 prosent av alle personar mellom 18 og 49 år som såg på fjernsyn samstundes som episoden vart send.[55]

MottakingEndra

«Adventure Time makes me wish I were a kid again, just so I could grow up to be as awesome as the kids who are currently watching Adventure Time will be.»

Programmet har fått positiv mottaking frå kritikarar. The A.V. Club-omtalaren Zack Handlen kalla det «eit fantastisk program [som] passar framifrå inn i gråsonen mellom underhaldning for barn og vaksne på ein måte som tilfredsstiller både eit behov for sofistikert skriving og godt gamaldags tøys.»[57]

Adventure Time har fått ros for likskapen sin med teiknefilmar frå fortida. I ein artikkel for Los Angeles Times, samanlikna tv-kritikaren Robert Lloyd serien med «den typen teiknefilmar ein laga då teiknefilmar i seg sjølv var noko nytt og glad i å gje liv til alle mogelege ting.»[34] Robert Mclaughlin i Den of Geek uttrykte eit liknande sentiment då han skreiv at Adventure Time «er den første teiknefilmserien på lenge som er rein fantasi».[58] Han roste programmet for «å ikkje vere avhengig av popkulturelle referansar».[58] Eric Kohn i IndieWire sa at programmet «representerer framgangen av [teiknefilmar som] medium» i det aktuelle tiåret.[59]

Nokre omtalar har samanlikna serien og skaparane av han positivt med høvesvis andre kulturelt signifikante verk og individ. I 2013 kalla omtalaren Darren Franich for Entertainment Weekly serien for «eit hybrid sci-fi/fantasy/skrekk/musikal/eventyr med atterljomar av Calvin and Hobbes, Hayao Miyazaki, Final Fantasy, Richard Linklater, Where the Wild Things Are og musikkvideoen du laga med garasjebandet ditt på vidaregåande».[60] Emily Nussbaum i The New Yorker hylla den unike tilnærminga til kjensler, humor og filosofi i Adventure Time ved å skildre serien som «World of Warcraft oppsummert av Carl Jung».[61] Zack Handlen i The A.V. Club konkluderte med at serien var «hovudsakleg kva ein ville ende opp med dersom du spurte nokre tolvåringar om å lage ein teiknefilmserie, berre at han er den best tenkelege utgåva av dette, som om alle tolvåringane var supergeni og nokre av dei var Stan Lee og Jack Kirby og brørne Marx».[57]

Adventure Time har motteke vellæte for at serien har vore villig til å utforske mørke, triste og komplekse utfordringar. Kohn applauderte at serien «leiker med eit utruleg trist emne».[59] Romanforfattaren Lev Grossman, i eit intervju med NPR, roste bakgrunnshistoria til Ice King og utforskinga av tilstanden hans i episodane «Holly Jolly Secrets», «I Remember You» og «Simon & Marcy» i høvesvis tredje, fjerde og femte sesong av serien, og påpeikte at opphavet hans er «psykologisk plausibelt».[62] Grossman roste tilnærminga serien hadde til problema rundt psykiske lidingar, og sa: «Det er særs påverkande. Far min har vore gjennom det å ha Alzheimers, og han har gløymt så mykje av kven han brukte å vere. Og eg ser på han og tenker at denne serien er om den døyande far min.»[62] Kritikarar har hevda at serien har vakse og modna etter kvart som han har vorte eldre. I ein omtale av sesong fire til dømes, rosa Mike LeChevallier i bladet Slant programmet for å «vekse opp» med karakterane sine.[63] Han konkluderte med at serien har «påfallande få lyte» og gav den fjerde sesongen tre og ei halv stjerne av fire.[63]

Serien har vorte inkludert i eit tal topplister. Entertainment Weekly rangerte han som nummer 20 (av 25) i ei liste over «Beste animerte fjernsynsseriar». [56][64] Likeins kalla The A.V. Club serien «ein av dei mest distinktive teiknefilmseriane som for tida er kringkasta».[65]

 
Adventure Time-fans i cosplay som Princess Bubblegum (venstre) og Lumpy Space Princess (høgre)

Programmet har også motteke noko kritikk. LeChevallier, i ein elles særs positiv omtale av den tredje sesongen for bladet Slant, skreiv at «det kortfatta formatet gjev lite rom for emosjonell substans», og at dette var uavvendeleg for ein serie med såpass korte episodar.[66] Den uavhengige teiknefilmkritikaren David Perlmutter, som elles applauderte stemmeskodespelet og evna programmet har til å overgå kjeldematerialet sitt,[67] argumenterte for at vaklinga mellom «high comedy» og «low comedy» illustrerer det at Cartoon Network «ikkje er sikker på kva retning dei skal følgje».[67] Han påpeikte at «medan nokre av episodane [av Adventure Time] fungerer bra, er andre berre forvirrande».[67] Den britiske avisa Metro oppsummerte dei skremmande situasjonane, sporadiske vaksentemaa og bruken av insinuasjonar som grunnar til at foreldre ikkje vil la yngre barn sjå på programmet.[68]

TilhengjarskareEndra

Sidan debuten har Adventure Time utvikla ein sterk fanskare hjå barn, tenåringar og vaksne. Ifølgje A.V. Club-kritikaren Noel Murray, er fans tiltrekt mot Adventure Time på grunn av «den tøysete humoren, fantasifulle historier og den rikt folkesette verda i serien».[69] Medan programmet ofte er skildra for å ha ein kultstatus,[28][70] har Eric Kohn i IndieWire hevda at serien har «byrja å likne ein av dei største TV-fenomena dette tiåret».[71] Ifølgje Alex Heigl i bladet People, «er fanskaren til serien særleg internett-kunnige, med store nettsamfunn på Reddit, Imgur og Tumblr, som hyppig deler GIF-ar, fanart og teoriar».[72]

I 2016 viste ein studie av The New York Times over dei 50 TV-seriane med mest likarklikk på Facebook at Adventure Time «er det mest populære programmet blant dei unge i dataa våre – litt over to tredelar av likarklikka kjem frå sjåarar [i alderen] 18–24».[73]

KjelderEndra

  1. «Adventure Time’s series finale lives up to the show’s spirit and leaves the future open». Polygon. Henta 4. september 2018. 
  2. «Adventure Time is returning to TV with four new specials». Digital Spy. 28. oktober 2019. Henta 9. november 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 DeMott, Rick (25. april 2010). «Time for Some Adventure with Pendleton Ward». Animation World Network. Arkivert frå originalen 2017-03-29. 
  4. Perlmutter, David (2014). America Toons In. Jefferson, NC: McFarland & Company. s. 346. ISBN 978-1-4766-1488-5. Friends and foes of the duo include the resourceful Princess Bubblegum (Hyden Walch), the kinky Ice King (Tom Kenny), Marceline the Vampire Queen (Olivia Olson), the alien Lumpy Space Princess (Ward), BMO (Niki Yang), a sentient video game console, and the anthropomorphic miniature elephant Tree Trunks (Polly Lou Livingstone). 
  5. 5,0 5,1 Clark, Noelene (14. november 2012). «'Adventure Time': Post-Apocalyptic 'Candyland' Attracts Adult Fans». Los Angeles Times. Arkivert frå originalen 2016-06-11. 
  6. «Adventure Time | Characters». Cartoon Network. Arkivert frå originalen 2017-03-24. 
  7. Bustillos, Maria (15. april 2014). «It's Adventure Time». The Awl. Arkivert frå originalen 2016-03-03. Henta 17. april 2014. 
  8. 8,0 8,1 Seibert, Fred (9. oktober 2012). «From Another Era, it Seems Like». Frederator. Arkivert frå originalen 2012-10-09. 
  9. McDonnell, Chris (2014). Adventure Time: The Art of Ooo. New York: Abrams Books. s. 24. ISBN 978-1-4197-0450-5. In the early morning hours of Wednesday, January 11, 2007, Nicktoons network slipped Adventure Time on air in accordance with SAG's requirements. 
  10. 10,0 10,1 Feeney, Nolan (29. mars 2013). «The Weird World of Adventure Time Comes Full Circle». Time. Arkivert frå originalen 2017-02-15. 
  11. «Adventure Time». Leichliter, Larry, Hugo Morales, & Pendleton Ward (directors); Pendleton Ward (storyboard artist). Random! Cartoons. Nicktoons. nr. 2b, sesong 1.
  12. McDonnell, Chris (2014). Adventure Time: The Art of Ooo. New York: Abrams Books. s. 25. ISBN 978-1-4197-0450-5. By the next day the video had more than 10,000 views ... By Sunday, the Google Video upload had more than 123,000 views, while the most dominant upload of the short on YouTube was ranked the Top Favorite in Arts & Animation, and number six in Top Favorites (All) ... The following Sunday, the short had another 75,000 views on YouTube in addition to 225,000 views on Google Video. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 13,5 «'The Enchiridion' Storyboards». Frederator Studios. 22. april 2010. Arkivert frå originalen 2010-08-05. 
  14. McDonnell, Chris (2014). Adventure Time: The Art of Ooo. New York: Abrams Books. s. 32. ISBN 978-1-4197-0450-5. When Nickelodeon's rights to option the show expired at the end of the month, Frederator picked up the option to shop it elsewhere. 
  15. McDonnell, Chris (2014). Adventure Time: The Art of Ooo. New York: Abrams Books. s. 32. ISBN 978-1-4197-0450-5. 
  16. 16,0 16,1 McDonnell, Chris (2014). Adventure Time: The Art of Ooo. New York: Abrams Books. s. 83. ISBN 978-1-4197-0450-5. 
  17. «'Adventure Time' Background Development Art». Frederator. 11. november 2008. Arkivert frå originalen 2016-03-03. 
  18. Amidi, Amid (29. august 2008). «Cartoon Network Acquires Adventure Time». Cartoon Brew. Arkivert frå originalen 2016-03-08. 
  19. «'Enchiridion' Props in Color». Frederator. 6. juli 2009. Arkivert frå originalen 2016-03-03. 
  20. McDonnell, Chris (2014). Adventure Time: The Art of Ooo. New York: Abrams Books. s. 35. ISBN 978-1-4197-0450-5. Cartoon Network management decided to hire some experienced help in several key position to nudge the production toward smoother operation. Derek Drymon was brought on as an executive producer. Merriwether Williams was hired as story editor. Nick Jennings was hired as art director. All three were veterans of SpongeBob SquarePants. 
  21. McDonnell, Chris (2014). Adventure Time: The Art of Ooo. New York: Abrams Books. s. 40. ISBN 978-1-4197-0450-5. Pen's old boss on Flapjack, Thurop Van Orman, also joined the season one crew. 
  22. DiMaggio, John. DVD commentary track. Prisoners of Love. 2012.
  23. Ghostshrimp. «As Seen On Television». Ghostshrimp.net. Arkivert frå originalen 2014-08-20. 
  24. McDonnell, Chris (2014). Adventure Time: The Art of Ooo. New York: Abrams Books. s. 47. ISBN 978-1-4197-0450-5. When we got all the design tests in for the first season, we were like, 'This is gonna be a disaster. Nobody gets it.' But [show director] Larry Leichliter told us to take a second look at Phil Rynda's test because he knew Phil personally and knew he could draw really solid and in basically any style. 
  25. McDonnell, Chris (2014). Adventure Time: The Art of Ooo. New York: Abrams Books. s. 48. ISBN 978-1-4197-0450-5. Phil and I [i.e. Pat McHale] sat around for many hours dissecting Pen's style and trying to understand what worked what didn't. ... Phil really got into it and developed lots of theories that would later become the rules. 
  26. McDonnell, Chris (2014). Adventure Time: The Art of Ooo. New York: Abrams Books. s. 41. ISBN 978-1-4197-0450-5. 
  27. Webb, Charles (28. april 2011). «It's 'Adventure Time' With Series Creator Pendleton Ward». MTV News. Arkivert frå originalen 2017-02-25. They're all really smart, smartypants people. They're coming up with some really bizarre ideas, which I like. I think it's putting the show on a higher level than it was first season. 
  28. 28,0 28,1 28,2 Strauss, Neil (2. oktober 2014). «'Adventure Time': The Trippiest Show on Television». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 2014-10-04. 
  29. Kohn, Eric (18. juni 2015). «Kent Osborne Explains the Crazy Logic Behind 'Uncle Kent 2' and the Adventure Time Connection». IndieWire. Arkivert frå originalen 2017-03-29. 
  30. Examples of latter series episodes storyboarded by Ward include:
    • «Bad Timing». Muto, Adam (supervising director); Nick Jennings (art director); Kent Osborne & Pendleton Ward (storyboard artists). Adventure Time. Cartoon Network. nr. 49, sesong 5.
    • «High Strangeness». Ito, Elizabeth (supervising director); Sandra Lee (art director); Sam Alden & Pendleton Ward (storyboard artists). Adventure Time. Cartoon Network. nr. 4, sesong 8.
    • «Imaginary Resources». Ito, Elizabeth (supervising director); Sandra Lee (art director); Graham Falk & Pendleton Ward (storyboard artists). Adventure Time. Cartoon Network. nr. 10, sesong 8.
  31. Seibert, Fred (28. september 2010). «Tell Us What You Think». Frederator. Arkivert frå originalen 2016-03-27. 
  32. Homan, Eric (11. mars 2010). «'Business Time' Sneak Preview Tonight». Frederator. Arkivert frå originalen 2016-03-03. 
  33. Homan, Eric (18. mars 2010). «Get 'Evicted' Tonight». Frederator. Arkivert frå originalen 2014-10-06. 
  34. 34,0 34,1 Lloyd, Robert (5. april 2010). «'Adventure Time With Finn & Jake' Enters a Wild New World». The Los Angeles Times. Arkivert frå originalen 2016-03-04. 
  35. Staff writers (19. februar 2015). «Cartoon Network Unveils Upfront Slate For 2015–2016». Deadline Hollywood. Arkivert frå originalen 2015-02-19. 
  36. «Adventure Time Islands Is a New Mini-Series Event Debuting this January». The Slanted. 12. desember 2016. Arkivert frå originalen 2016-12-14. 
  37. Alexander, Julie (30. mars 2017). «Cartoon Network to Debut New Adventure Time Miniseries, Six New Shows This Year». Polygon. Arkivert frå originalen 2017-04-01. 
  38. Adventure Time production staff (13. november 2014). «Coming Soon». King of Ooo. Tumblr. Arkivert frå originalen 2014-11-13. Henta 2. februar 2020. 
  39. Trumbore, Dave (27. august 2018). «'Adventure Time: The Final Seasons' DVD Review: Revisit the Series Finale Again and Again». Collider. Arkivert frå originalen 2018-08-29. Henta 2. februar 2020. 
  40. Pedersen, Erik (29. september 2016). «Cult Hit Animated Series 'Adventure Time' To End In 2018». Deadline Hollywood. Arkivert frå originalen 2016-10-02. 
  41. Hayes, Britt (23. oktober 2019). «Adventure Time is returning with four new hour-long specials on HBO Max». The A.V. Club. Henta 2. februar 2020. 
  42. «TV Schedule for Boomerang». TV Passport. Henta 2. februar 2020. 
  43. DeMarco, Jason [Clarknova] (30. januar 2019). «Nope! That's real». Arkivert frå originalen 2019-02-06. Henta 2. februar 2020 – via Ask.fm. 
  44. Seidman, Robert (6. april 2010). «Monday Cable: Pawning & Picking Good for History; "Damages " & "Nurse Jackie" Damaged». TV by the Numbers. Arkivert frå originalen 2017-03-01. 
  45. Seidman, Robert (6. april 2010). «Cartoon Network's 'Adventure Time' Premieres Big; 13 Additional Episodes Ordered». TV by the Numbers. Arkivert frå originalen 2017-03-01. 
  46. Gorman, Bill (12. oktober 2010). «Monday Cable Ratings: Monday Night Football Up; 'Real Housewives of Atlanta,' 'American Pickers' Slip, MLB Playoffs & More». TV by the Numbers. Arkivert frå originalen 2010-11-25. 
  47. «Monday's Cable Ratings: 'Pawn Stars' Tops Heated Race». The Futon Critic. 13. juli 2011. Arkivert frå originalen 2013-02-16. 
  48. «Cartoon Network's 'Adventure Time' Season 4 Premiere Tops Monday Ratings». TV by the Numbers. 4. april 2012. Arkivert frå originalen 2013-11-03. 
  49. Bibel, Sara (13. november 2012). «Monday Cable Ratings: 'Monday Night Football' Wins Night, 'WWE Raw', 'Teen Moms II', 'Pawn Stars', 'Catfish', 'Real Housewives' & More». TV by the Numbers. Arkivert frå originalen 2013-11-02. 
  50. Kondolojy, Amanda (22. april 2014). «Monday Cable Ratings: NBA Playoffs Lead Night + WWE Raw, 'Basketball Wives', 'Blank Ink Crew' & More». TV by the Numbers. Arkivert frå originalen 2017-03-01. 
  51. Metcalf, Mitch (3. november 2015). «Top 100 Monday Cable Originals & Network Update: 11.2.2015». Showbuzz Daily. Arkivert frå originalen January 11, 2016. 
  52. Porter, Rick (29. mars 2016). «Saturday Cable Ratings: 'Family Guy' Tops a Quiet Day». TV by the Numbers. Arkivert frå originalen May 4, 2016. 
  53. Metcalf, Mitch (24. april 2017). «Top 100 Friday Cable Originals & Network Update: 4.21.2017». Showbuzz Daily. Arkivert frå originalen 2017-04-25. 
  54. Metcalf, Mitch (19. september 2017). «Top 150 Sunday Cable Originals & Network Finals: 9.17.2017». Showbuzz Daily. Arkivert frå originalen 2017-09-19. 
  55. Metcalf, Mitch (9. august 2018). «Top 150 Sunday Cable Originals & Network Finals: 9.3.2018». Showbuzz Daily. Arkivert frå originalen September 5, 2018. 
  56. 56,0 56,1 «The 25 Greatest Animated TV Series: You Ranked 'Em!». Entertainment Weekly. 15. juli 2011. Arkivert frå originalen 2017-03-01. 
  57. 57,0 57,1 Handlen, Zack (4. juni 2012). «Adventure Time: "Goliad"». The A.V. Club. Arkivert frå originalen 2015-03-17. 
  58. 58,0 58,1 Mclaughlin, Robert (13. april 2011). «The Geek Appeal of Pendleton Ward's Adventure Time». Den of Geek. Arkivert frå originalen 2017-03-01. 
  59. 59,0 59,1 Kohn, Eric (13. november 2012). «Why 'Adventure Time,' Now In Its Fifth Season, Is More Groundbreaking Than You May Realize». IndieWire. Arkivert frå originalen 2017-03-01. 
  60. Franich, Darren (21. februar 2013). «Adventure Time». Entertainment Weekly. Arkivert frå originalen 2017-02-09. 
  61. Nussbaum, Emily (14. april 2014). «Castles in the Air: The Gorgeous Existential Funk of Adventure Time». The New Yorker. Arkivert frå originalen 2015-07-08. 
  62. 62,0 62,1 Ulaby, Neda; Grossman, Levtitle (17. juni 2013). «An 'Adventure' For Kids And Maybe For Their Parents, Too». NPR. Arkivert frå originalen 2017-03-29. 
  63. 63,0 63,1 LeChevallier, Mike (13. mai 2012). «Adventure Time: Season Four». Slant Magazine. Arkivert frå originalen 2015-01-21. 
  64. Lambert, David (23. november 2011). «Adventure Time - Press Release, Box for It Came From the Nightosphere». TVShowsOnDVD.com. Arkivert frå originalen 2012-03-31. 
  65. Adams, Erik; et al. (15. februar 2015). «The Best Animated Series Ever, from Adventure Time to Whatever The Zeta Project Is». The A.V. Club. Arkivert frå originalen 2015-09-04. 
  66. LeChevallier, Mike (3. august 2011). «Adventure Time: Season Three». Slant Magazine. Arkivert frå originalen 2015-07-25. 
  67. 67,0 67,1 67,2 Perlmutter, David (2014). America Toons In. Jefferson, NC: McFarland & Company. s. 346. ISBN 978-1-4766-1488-5. 
  68. Wright, Alice (16. mars 2017). «A Parent's Guide to Adventure Time: What Is it about and Should Your Children Be Watching It?». Metro. Arkivert frå originalen 2017-03-29. 
  69. Murray, Noel (21. mars 2012). «Adventure Time Creator Pendleton Ward». The A.V. Club. Arkivert frå originalen 2016-03-12. 
  70. Sims, David (18. mars 2014). «'Adventure Time' Just Finished One of the Most Ambitious Seasons of Television Ever». The Wire. Arkivert frå originalen 2017-03-29. 
  71. Kohn, Eric (17. oktober 2013). «Does the Obsessive 'Adventure Time' Fandom Overlook the Depths of Pendleton Ward's Cartoon Network Hit?». Indiewire. Arkivert frå originalen 2016-06-11. 
  72. Heigl, Alex (14. september 2016). «How Adventure Time Quietly Conquered the Animation World». People. Arkivert frå originalen 2016-11-12. 
  73. Katz, Josh (27. desember 2016). «'Duck Dynasty' vs. 'Modern Family': 50 Maps of the U.S. Cultural Divide». The New York Times. Arkivert frå originalen 2017-03-29. 

BakgrunnsstoffEndra

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Adventure Time
  Commons har multimedia som gjeld: Adventure Time