Stille protagonist

(Omdirigert frå Stille hovudperson)

Innan dataspel, er ein stille protagonist eller stille hovudperson ein spelefigur som er utan dialog gjennom heile spelet, med mogeleg unntak av sporadiske interjeksjonar eller korte frasar. I nokre spel, særleg visuelle romanar, kan dette utvidast til protagonistar som har dialog men inkje stemmeskodespel som andre karakterar ein ikkje speler som.

Ein stille protagonist kan brukast til å gje ei kjensle av mystikk og uvisse om identitet til spelet, eller for å hjelpa spelaren å lettare identifisera seg med figuren ein speler som. Stille protagonistar kan òg vera anonyme. Ikkje alle stille protagonistar treng å vera stille eller ikkje snakka til andre karakterar; dei kan til dømes ikkje laga nokon dialog som er høyrleg for spelaren.

Kjelder endre