Stjørdalsfjorden
Stjørdalsfjorden er ein delfjord i den sørlege delen av Trondheimsfjorden i Malvik og Stjørdal kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg om lag 8 km inn til Stjørdalshalsen og Trondheim lufthamn, Værnes.
Vest og nordvest for fjorden ligg Strindfjorden. På sørsida av fjorden ligg Hommelvik. Inst i fjorden munnar Stjørdalselva ut i fjorden.
Europaveg 6 går langs sørsida av fjorden og den indre delen av fjorden.