Stjerneblomslekta
planteslekt
Stjerneblomslekta (Stellaria) er ei planteslekt i nellikfamilien. Medlemene er eitt- eller fleirårige plantar, oftast om lag snaue. Blomstrane er kvite og stjerneforma. Dei fem kronblada er kløyvde mest til grunnen så dei ofte ser ut som ti. Tre griflar. Kapselen sprekk opp med seks flikar. Elleve artar veks i Noreg.
Stjerneblomslekta | |
Skogstjerneblom (S. nemorum) | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Nellikordenen Caryophyllales |
Familie: | Nellikfamilien Caryophyllaceae |
Underfamilie: | Alsinoideae |
Stamme: | Alsineae |
Slekt: | Stjerneblomslekta Stellaria L., 1753 |
Norske artar:
- Skogstjerneblom (S. nemorum)
- Vassarve (S. media)
- Lundstjerneblom (S. holostea)
- Snøstjerneblom (S. crassipes)
- Myrstjerneblom (S. palustris)
- Grasstjerneblom (S. graminea)
- Rustjerneblom (S. longifolia)
- Bekkestjerneblom (S. alsine)
- Fjellstjerneblom (S. calycantha)
- Saftstjerneblom (S. crassifolia)
- Ishavsstjerneblom (S. humifusa)
Kjelder
endre- Wikipedia på norsk bokmål.
- Tysk wikipedia.
- Johannes Lid, norsk-svensk-finsk flora, Det Norske Samlaget, 1985.