Stjernsundet
sund i Finnmark
Stjernsundet (nordsamisk Joahkku) er eit sund mellom Stjernøya i nord og fastlandet i sør i Alta og Loppa kommune i Finnmark fylke. Sundet strekkjer seg 30 km frå vest til aust.
På sørsida av sundet ligg fjordane Ytre og Indre Lokkarfjorden og Øksfjorden. Ved austenden av sundet går Altafjorden sørover til Alta.