Stockholms tunnelbane

Stockholms tunnelbana er eit tunnelbanenett på til saman 109 kilometer i Stockholm i Sverige. Tunnelbanen vert drive elektrisk med 650 V likestraum, og med straumskjene. Sporvidda (avstanden mellom skjenene) er 1435 millimeter.

Eit av dei moderne T-banetoga.
Trikk på Ringvägen stasjon på Örbybanan (under Södermalm) i 1933, den fyrste T-banen i Stockholm, no ei strekning i tunnelbanesystemet.

Banenettet er delt på tre system kalla Gröna linjen (Grøne lina), Röda linjen (Raude lina) og Blå linjen, som dekkjer både sjølve byen og forstadane. Dei tre tunnelbanesystema er skilde frå kvarandre ved å gå på kvar sine spor som ikkje kryssar kvarandre i plan. Men det finst sambandsspor som ikkje vert nytta i ordinær trafikk. Linene i desse tre systema delar seg opp i forstadane, og om lag 75 prosent av stasjonane ligg utanfor sentrumsområda. Av dei til saman 100 stasjonane som er i bruk, ligg 82 i Stockholms kommun og dei andre 18 i kommunane Botkyrka, Danderyd, Huddinge, Solna og Sundbyberg, alle innanfor Storstockholm.

Eigar av tunnelbanen er Aktiebolaget Storstockholms Lokaltrafik (SL), som er eit fylkeseigd organ for kollektivtrafikken i Stockholms län. Drifta av tunnelbanen er konkurraseutsett, og har sidan 2. november 2009 vert teke hand om av verksemda MTR, som er eit selskap basert i Hongkong.

T-Centralen endre

T-Centralen er den største og mest trafikkerte stasjonen på tunnelbanenettet i Stockholm, og den einaste stasjonen der det er mogleg for ferdafolket å skifte mellom tog på alle linene i tunnelbanenettet. Stasjonen, som er underjordisk og bygd i tre høgder, ligg i Norrmalm i Stockholms sentrumsområde, og har beinveges tilknyting gjennom gangtunnellar til jarnbanestasjonen Stockholms centralstation og til Cityterminalen, som er den sentrale rutebusstasjonen i Stockholm. Opphavleg hadde denne tunnelbanestasjonen namnet Centralen, men fekk i 1958 namnet T-Centralen for å unngå samanblanding med jarnbanestasjonen, som òg går under namnet Centralen.

Soga endre

Den fyrste tunnelen vart bygd under Södermalm for trikk, og vart opna for trafikk 30. september 1933. Denne såkalla Södertunneln under Södermalm var det fyrste steget for å omgjere trikkelinene i søre Stockholms forstader til tunnelbane ved at ei strekning i byen, med stasjonar, vart lagt i tunnel. Nemninga tunnelbane, og logoen med ein «T» omgjeve av ein ring, kom til i samband med at denne underjordiske trikkelina vart teke i bruk. Lina vart ombygd for tunnelbanetog og lengd til Hökarängen sør i Stockholm over ei delvis nybygd strekning på overflata, teke i bruk 1. oktober 1950. Dette reknast som opningsdatoen for den noverande Stockholms tunnelbane, som har vorte kraftig utbygd seinare. Den fram til no siste utbygginga vart gjort i 1994, då det vart opna ei tunnelstrekning mellom Bagarmossen og Skarpnäck.

Flere andre strekningar enn tunnelen under Södermalm har vore bygd for trikk før dei vart ombygde for tunnelbanetog. Men det er berre den grøne og raude lina som har slike strekningar, som er:

  • Tranebergsbron, teke i bruk i 1934
  • Ängbybanan, Alvik – Islandstorget, teke i bruk i 1944
  • Skanstullsbron, teke i bruk i 1946
  • Enskedebanan, Gullmarsplan –Blåsut, teke i bruk i 1946
  • Örbybanan, Globen – Stureby, teke i bruk i 1930 med plankryssingar som vart ombygde seinare
  • Telefonplan – Hägerstensåsen, teke i bruk i 1946
  • Hägerstensåsen – Fruängen, teke i bruk i 1952–1953

Krava til standard auka med tida, slik at Röda linjen fekk meir av banen i tunnel og ikkje så mykje ombygde spor som Gröna linjen, medan Blå linjen er lagt nesten berre i tunnel.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stockholms tunnelbane