Stokkavatnet på Forus
Stokkavatnet på Forus og Stokka er eit tidegare innlandsvatn i Stavanger, Sandnes og Sola kommune i Rogaland fylke. Det vart uttømt og tørrlagt i perioden 1908-1912 for å gje rom for dyrka mark.
Det var i alt 12 holmar i vatnet. Det meste av dei vart sprengt vekk. I dag finst berre to av dei igjen som små bergknattar.
Den største av holmane var Svanholm (tidlegare Stokkaholmen) som har gjeve namn til gata Svanholmen. Noko av han er framleis igjen, og dannar nå det høgaste punktet på Forussletten, der som Stokkavatnet låg, 10,78 moh.
Området er i dag bygd ut og utgjer vestsida av regionen sitt største næringsområde på Forus, Stokka og Lura.