Stolheis, òg kalla skiheis, er ein slags taubane som hovudsakleg vert bygd i alpinanlegg eller skisenter for å frakte folk snøgt opp i høgda, så dei kan nytte dagen til køyre fleire gonger ned slalåm-, utfor- eller snøbrettbakkane. Men det har også vore bygd stolheisar for at publikum skal kome seg opp til eit utsynspunkt eller inn i turterreng.

Døme på ein stolheis
Døme på eit skitrekk

Stolheisane har benkar, stolar, som heng etter kvarandre i eit ståltau som er løfta opp frå bakken av mastar, og som går i ei endelaust sløyfe frå høgste til lågaste punktet. Ein maskin dreg i ståltauet og syter for at folk som sit på stolane med ski på beina, vert frakta opp til øvste enden av heisen, der dei kan hoppe av.

Skitrekk endre

Alternativet til stolheis er skitrekk. Skitrekk er laga slik at det i staden for stolane, går liner ned frå ståltauet, utstyrt med ein J-forma, T-forma eller skålforma innretningar i enden som skiløparen skal plassere baken sin på for å bli dregen ståande på sine eigne ski opp til toppen i ei løype under trekket.

Sjå òg endre