Røldal stavkyrkje

Røldal stavkyrkje er ei stavkyrkje i Røldal i Ullensvang kommune i Hardanger, bygd kring 1250. Kyrkja er framleis i bruk som soknekyrkje.

Røldal stavkyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Ullensvang
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Hardanger og Voss
Sokn Røldal
Fellesråd Ullensvang
Stad Røldal
Type langkyrkje
Teknikk stavverk
Material tre
Takryttar ja
Kyrkjegard ved kyrkja
Kart
Røldal stavkyrkje
59°49′51″N 6°49′22″E / 59.83085°N 6.82271°E / 59.83085; 6.82271
Wikimedia Commons: Røldal stavkirke

Kyrkja er einskipa og utan forhøga midtrom, og skil seg ut frå dei andre bevarde og dokumenterte stavkyrkjene i somme delar av konstruksjonen. Ho har mellom anna mellomstolpar, og det har vore diskutert om ho opphavleg kan ha hatt jordgravne hjørnestolpar, og soleis eigenleg vart bygd som ei såkalla stolpekyrkje i si tid.[1]

Vegger og tak inni kyrkja er rosemåla, og krusifikset heng over korbogen. Fotografi teke i 1933.
Røldal stavkyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Røldal stavkyrkje

Kyrkja er kjend for eit krusifiks som skulle vere undergjerande, og var lenge eit pilegrimsmål. Særleg jonsoknatta har det vore mange tilreisande. Krusifikset skulle etter segna sveitta kvar jonsoknatt og sveitten hadde undergjerande og lækjande kraft. Skikkane knytt til pilegrimsferder og jonsoknatta heldt seg levande eit par hundre år etter reformasjonen, og tok ikkje slutt før presten og Ryfylke-prosten var i Røldal jonsoknatta i 1835. Røldalskyrkja skal ha vore det viktigaste pilegrimsmålet i Noreg sør for Nidarosdomen. Det var ikkje berre sjuke og folk med fysiske skader som kunne få hjelp i Røldal, også til dømes slikt som rovdyrplage kunne hjelpast. Det er til dømes bevard ei oblatøskje send frå Hjelmeland prestegjeld der det er inngravert mellom anna: «Lad plagen holde op, vi derom bede dig, Bevare fæ og faar, driv fra dem ulve krig. Anno 1704.». Det er også bevard ei tavle frå same prestegjeldet gjeven i 1777 som takk for at ulven då var borte.

Fotnotar endre

  1. Jørgen Jensenius: «RØLDAL, STAVKIRKE ELLER...?», arkivert frå originalen 11. mars 2007, henta 17. mars 2009 

Bakgrunnsstoff endre